Personvernerklæring – søknad om TT-kort i Vestland

Vestland fylkeskommune har ansvaret for lagring og bruk av personopplysningane dine, som blir samla inn i samband med søknaden din om å bli godkjent TT-kort-brukar i Vestland.

  • Det er Vestland fylkeskommune ved avdeling for mobilitet og kollektivtransport som behandlar søknaden.
  • Personopplysningar er alle opplysningar som kan identifisere deg.

Føremål

Føremålet med vår behandling av personopplysningar er å behandle søknaden din om transportordning for funksjonshemma og å treffe enkeltvedtak etter forvaltningslova. Dersom enkeltvedtaket blir klaga på, er føremålet òg å kunne behandle klagen.

Grunnlag for behandling

Vi må ha eit rettsleg grunnlag for å behandle personopplysningane dine i samband med søknaden.

Det rettslege grunnlaget for behandlinag er ditt samtykke, jf. personvernforordninga artikkel 9 nr. 2 bokstav a) jf. artikkel 6 nr. 1 bokstav a).

Du kan når som helst trekkje tilbake samtykket ditt. Det er frivillig å søke om transportordninga og å gje dei opplysningane som er nødvendige for å behandle søknaden.

Kva for personopplysningar behandlar Vestland fylkeskommune?

Behandlinga omfattar namn, fødselsdato, adresse, postnummer, poststad, telefonnummer/telefonnummer til verje, type funksjonshemming, behov for hjelpemiddel og grunngjeving for behovet og medisinsk dokumentasjon.

Kjelder til personopplysningar

Alle personopplysningar som blir behandla i samband med søknaden, blir innhenta frå deg ved søknadsskjemaet du sender til oss, og av den medisinske dokumentasjonen som du dokumenterer søknaden med.

Utlevering til tredjepartar

Vi utleverer ikkje personopplysningane dine til tredjepartar utan at det finst rettsleg grunnlag, til dømes ei rettsavgjerd eller skriftleg ordre frå påtalemakta.

Tilgang til personopplysningar

Personopplysningar som blir handsama om deg, vil berre vere tilgjengelege for autorisert personell hjå oss som treng opplysningane i tenesta.

Lagring og sletting

Alle data blir lagra i Noreg, og serverane blir drifta av personell i Noreg. Alle data vi lagrar, blir lagra i samsvar med den gjeldande lovgjevinga. Vi jobbar etter prinsippa for innebygd personvern og personvern som standardinnstilling. I dette ligg mellom anna at vi ikkje skal lagre personopplysningane dine lenger enn det som er nødvendig for å oppfylle føremålet med tenesta.

Søknadshistorikk

Søknadshistorikken din blir lagra i eit sikkert arkivsystem.

Tryggleik

Vi har fokus på informasjonstryggleikstiltak og interne rutinar for å verifisere at ingen personopplysningar kjem på avvege eller blir brukt til andre føremål enn dei det er opplyst om i denne personvernerklæringa. 

Rettane dine ovanfor Vestland fylkeskommune

Du har rett til å bli informert om behandlinga vår av personopplysningane dine. Difor er denne personvernerklæringa tilgjengeleg for deg.

Retten til innsyn

Du kan be om informasjon om korleis vi behandlar personopplysningane dine, inkludert informasjon om kvifor, kvar vi har henta personopplysningane frå, kva for kategoriar av personopplysningar vi behandlar, kven vi leverer ut personopplysningar til, og kor lenge vi lagrar personopplysningane dine.

All informasjonen som er lista opp over, finn du her i denne personvernerklæringa. Du kan òg be om ein kopi av personopplysningane som vi behandlar om deg.

Retten til korrigering

Du kan be om at personopplysningar som er feil eller ufullstendige, blir retta eller supplerte.

Retten til sletting

Du kan be oss om å slette personopplysningane dine dersom visse vilkår er oppfylte, til dømes dersom vi har behandla personopplysningane dine på ulovleg vis eller lenger enn nødvendig.

Retten til avgrensa behandling

Du kan krevje at behandlinga av personopplysningane dine blir avgrensa dersom du ikkje godtek at dei er rette, at behandlinga er lovleg eller nødvendig, eller dersom du har protestert mot behandlinga og vi har godteke protesten.

Behandlinga blir avgrensa frå protesten er levert og så lenge som det tek oss å vurdere protesten. Dersom behandlinga skal avgrensast, har vi berre lov til å lagre dei avgrensa personopplysningane og treng ditt samtykke til anna behandling. Dette gjeld med mindre vi må behandle personopplysningane i samband med juridiske saker, for å verne andre sine rettar eller viss behandlinga er av offentleg interesse.

Retten til å protestere

Du kan protestere mot behandlinga av personopplysningane dine dersom du meiner at vi ikkje har rett til å behandle personopplysningane dine. I slike tilfelle kan vi berre halde fram med behandlinga dersom vi kan vise til rettkomen interesse som veg tyngre enn interessene, rettane og fridomane dine.

Vi kan uansett behandle personopplysningane dine dersom slik behandling er lovpålagd eller nødvendig for å fastsetje, gjere gjeldande eller forsvare eit rettskrav.

Retten til dataportabilitet

Du kan be om at personopplysningane du har overlevert til oss for behandling på grunnlag av ditt samtykke, blir sende til deg i eit strukturert, vanleg og maskinlesbart format. Du har òg rett til å be om at vi overfører slik informasjon til ein annan behandlingsansvarleg. 

Retten til å klage til Datatilsynet

Dersom du er misnøgd med vårt svar eller meiner at vi behandlar opplysningane dine i strid med personvernregelverket, kan du klage til Datatilsynet.

Meir informasjon om klageprosedyren

Kontaktinformasjon

Dersom du har spørsmål om vår handsaming av personopplysningane dine eller du ønskjer innsyn, korrigering, sletting, avgrensa behandling eller dataportabilitet, så kontakt oss på denne adressa post@vlfk.no