Godkjenning av drosjesentral
Frå 1. september 2024 vert det innført krav om sentralløyve. Drosjesentralane må søkje godkjenning hos fylkeskommunen.
Drosjesentralar har ein overgangstid til 1. mars 2025 før dei må ha godkjent sentralløyve. Innan den same datoen må alle løyvehavarar vere tilknytta ein drosjesentral.
Det er tre vilkår for å kunne få sentralløyve:
- fast og varig verksemd i Noreg
- god vandel
- tilfredsstillande økonomisk evne
1. Fast og varig verksemd i Noreg
For å oppfylle krav om fast og varig verksemd i Noreg må sentralen ha fast forretningsadresse i Noreg, vere registrert i Føretaksregisteret og ha ein dagleg leiar med kontor i Noreg.
Registrer føretak på Brønnøysundregisteret sine nettsider her.
2. God vandel
For å oppfylle krav til god vandel må dagleg leiar ikkje vere frådømt retten til å drive næringsverksemd eller vere ilagt straff for eit alvorleg lovbrot, herunder på det handelsmessige område.
Viss dagleg leiar er dømt for noko eller har fått førelegg, må ein ha kopi av dommen/førelegget før ein fyller ut søknaden. Kontakt den aktuelle domstolen/det aktuelle politidistriktet for å få kopi av dom/førelegg. Vandelsattest søkjast om til politiet.
Søk om politiattest for dagleg leiar her.
3. Tilfredsstillande økonomisk evne
Sentralen skal ikkje ha vesentlege, forfalte men ikkje betalte gebyr-, avgifts- og skatterestansar eller vere under konkurshandsaming. Søknaden skal vedleggjast attest om restansar på skatt, avgift mv. frå skattekontoret og bekreftelse frå konkursregisteret. Attestane kan ikkje vere eldre enn tre månader.
Viss søkar er eit nyoppretta selskap, må og den daglege leiaren oppfylle kravet til økonomi i § 7 syvende ledd og vere busatt i EØS. Dagleg leier skal vere godkjent av løyvestyresmakta.
Attestane kan bestillast her: https://info.altinn.no/skjemaoversikt/skatteetaten/attestbestilling-/
Det må stillast garanti for sentralløyve på 306 000 kr. (tilsvarande 27 000 euro). Garanti må sendast direkte frå garantist til fylkeskommunen før vi kan handsame søknad om sentralløyve. Garantist kan sende inn garanti på e-post til: post@vlfk.no
Departementet fastsett årleg garantisum i norske kronar for alle løyvekategoriar. Garantisumma kan bli endra frå 1. januar 2025.
Kva skjer etter at ein har søkt?
Når søknad om sentralløyve er motteke, vil fylkeskommunen der føretaket ditt er registrert, gå gjennom søknaden og sjå om alle vilkåra er oppfylt. Er vilkåra oppfylt, vil føretaket få tilsendt eit vedtak med faktura som vedlegg. Vedtak og faktura blir sendt til føretaket i Altinn. Gebyr for sentralløyve er 3700 kroner.
Avvikling av drift av drosjesentral
Viss ein drosjesentral vil avvikle verksemda i eit eller fleire område må sentralen gi løyvestyresmakta, og fylkeskommunar som har fått melding etter yrkestransportlova § 9e (4), skriftleg varsel så tidleg som mogeleg og minst to månader før opphøyr av drifta.
Krav til drosjesentralane
Drosjesentralane har plikt til å samle inn, lagre og sende inn ein del informasjon. Alle sentralane må setje seg inn i krava ved å lese yrkestransportlova § 9 c og § 9 d
Drosjesentralen skal, når styresmaktene ber om det, sende inn dei opplysningane som dei ber om.
Søknadsskjema
Det er under arbeid eit nasjonalt søknadsskjema. Dei som ynskjer å søke om sentralløyve før skjema er ferdig, kan sende inn naudsynt informasjon ved å nytte eDialog. Vi ynskjer berre å få tilsendt komplette søknader (garantist sender inn garanti).
Pressemelding
Du kan lese pressmeldinga frå Samferdselsdepartementet om overgangsordninger og dispensasjon her:
Endringer i yrkestransportforskriften: Overgangsordninger og dispensasjon - regjeringen.no