Søk fritak frå taksameter, merking og taklykt
Du kan søke om fritak frå krava om taksameter, merking og taklykt. Dette gjeld for føretak som driv med spesialtransport, som til dømes ved statsbesøk eller bryllup. Bilen må vere registrert som drosje hos Statens vegvesen.
Søknaden må innehalde:
- Informasjon om føretaket og transportoppdraga.
- Beskriving av kundegruppa (legg ved kopi av kontraktar).
- Beskriving av ulemper med taksameter, merking og taklykt.
- Informasjon om korleis transporten er organisert.
- Informasjon om køyretøyet og løyvet det søkast om fritak for, samt ønska lengd på fritaket (maks 3 år).
- Kopi av vognkort for køyretøyet det søkast fritak for.
- Innvendig og utvendig bilete av køyretøyet det søkast fritak for.
- Informasjon om føretaket har offentlege transportkontraktar.
- Informasjon om geografisk område der transporten vert utført.
Viktig informasjon
Samferdselsdepartementet har bestemt at fritak ikkje skal innvilgast dersom føretaket tilbyr tenester som liknar drosjetenester. Fylkeskommunen skal sikre at fritak ikkje skapar urettferdig konkurranse for dei som driv vanleg drosjeverksemd.
Fritak gjeld berre i den fylkeskommunen som behandlar søknaden. Ved transport over fylkesgrenser, må du søke fritak i kvart fylke du skal køyre i.
Alle søknadar vert vurdert individuelt.
Krav til merking, taklykt og tilleggsutstyr mv. kan du lese meir om i yrkestransportforskrifta §48.
Brev frå Samferdselsdepartmentet skildrar blandt anna kva kriterier som skal leggjast til grunn når fylkeskommunen skal handsame søknad om dispensasjon frå taksameter, merking og taklykt.