Du må vere tilknytta ein drosjesentral
Frå 1. september 2024 vart det innført krav om sentraltilknytingsplikt for alle drosjeløyvehavarar. Løyvehavarar har ei overgangstid til 1. april 2025 før dette må vere på plass. Kravet gjeld også dei løyva som ikkje er i drift.
Løyvehavar si plikt til sentraltilknyting
Dette betyr at alle drosjeløyvehavarar må ta kontakt med ein godkjent drosjesentral og lage ein avtale. Sentralen kan gi avslag på din søknad om å få tilknytingsavtale.
Oversikt over alle godkjente drosjesentralar i Noreg
Dersom ein løyvehavar ikkje får tilknyting til ein sentral på grunn av sentralen sine krav eller vilkår, må løyvehavar opprette ein eigen sentral eller avvikle drifta. Dette gjev ikkje grunnlag for dispensasjon frå sentraltilknytingsplikta.
Vi vil presisere at tilknytinga til ein drosjesentral byggjer på eigne avtalar som ikkje blir regulerte av løyvestyresmakta. Ein kan knyte seg til den drosjesentralen ein sjølv ønskjer, men sentralen må ha godkjent sentralløyve frå oss.
Kva vil sentraltilknyting innebere?
Tilknyting til ein sentral vil sannsynlegvis innebere betaling av avgift til sentralen og å følgje sentralens krav og retningslinjer for drifta.
Tilknytingsplikta inneberer at det blir innført krav til sentralane og innsamling av informasjon tilknytt dykkar verksemd som dei skal ha oversikt over. De må sannsynlegvis tilpasse dykk nye rutinar og krav til dokumentasjon frå sentralane. For at sentralane skal overhalde sine pliktar overfor styresmaktene, må de sende inn dokumentasjon på relevante forhold når sentralen ber om det.
Drosjesentralane registrerer sine tilknytte løyvehavarar direkte inn i det nasjonale løyveregisteret.
Dispensasjon frå krav om sentraltilknyting
Yrkestransportforskrifta § 52 f gir løyvehavar moglegheit for å søkje om dispensasjon frå krav om sentraltilknyting. Fylkeskommunen kan innvilge dispesasjon:
- i område kor sentraltilknytingsplikt kan føre til bortfall av drosjetilbodet
- til aktørar i det tidlegare selskapsvognsegmentet (VIP)
- til aktørar som kan kvalifisere til løyvefritak (yrkestransportforskrifta § 48 e), men som likevel ikkje har fått det innvilga
Dispensasjon kan bli innvilga for maks tre år av gongen, og gjeld berre i det fylket kor dispensasjonen er gitt. Fylkeskommunen kan setje vilkår for dispensasjonen.
Søknad om dispensasjon
Slik søker du:
- Forklar grundig kvifor du treng dispensasjon.
- Oppgi løyvenummer du ønskjer dispesasjon for.
- Legg ved kopi av vognkort for dei bilane det gjeld.
- Send inn søknad via eDialog (sjå grøn boks på høgre side).