Innlevering eller tapt drosjeløyve

Her finner du informasjon om innlevering av løyve, og kva du må gjere dersom du har mista ditt løyvedokument.

Innlevering av løyvedokument

Du må sende inn ei melding og det originale løyvedokumentet i posten til oss viss:

  • du har fått tilbakekalla drosje- eller ruteløyvet ditt 
  • ynskjer å levere inn nokon eller løyva dine

Send oss ei melding via eDialog der du skriv inn løyvenummer på det/dei løyva du skal levere inn. Løyvedokumentet sender du til:

Vestland fylkeskommune
avd. MOK
Askedalen 2
6863 Leikanger

Hugs å ta kontakt med din garantist for å seie opp eller redusere din løyvegaranti.

Tapt løyvedokument

Viss du har blitt frastjålet eller har tapt ditt løyvedokument, må du ta kontakt med politiet. Du må fylle ut ei tapsmelding, og sende den til oss. Du må skrive løyvenummer på tapsmeldinga. Vi lagar då duplikat av ditt løyve. Det koster kr. 3700 per duplikat, og faktura vil bli sendt deg før du får løyvedokumentet.

Tapsmeldinga frå politiet kan du sende til oss ved å nytte eDialog. Merk innsendinga med ditt organisasjonsnummer.