Søk ruteløyve

Vestland fylkeskommune er løyvestyresmakt for persontransport i rute med motorvogn eller fartøy innanfor Vestland fylke. Vi er også løyvestyresmakt for fylkesoverskridande ruter dersom søkjar har forretningsadressa si i Vestland, og ruta gjeld i Vestland.

Dersom ruta gjeld i eit anna fylke, skal den fylkeskommunen der endepunktet for ruta er, eller der ein reknar med at hovuddelen av trafikkgrunnlaget er, behandle søknaden. 

Søknad om ruteløyve

Når du søkjer om ruteløyve, må du dokumentere at du oppfyller krava i yrkestransportforskrifta § 24. Det betyr at du må ha god vandel, tilfredsstillande økonomisk evne og nødvendig fagleg kompetanse. I tillegg må du leggje ved forslag til ruteplan og takstregulativ. For å få ruteløyve for motorvogn må du òg ha gyldig turvognløyve.

Dette må være med i søknaden om ruteløyve:

  • Ruteplan med trasé, stoppestader og frekvens.
  • Forslag til takstregulativ.
  • Politiattest for dagleg leiar eller transportleiar (kan ikkje vere eldre enn tre månader).
  • Skatteattest og attest frå konkursregisteret for føretaket (kan ikkje vere eldre enn tre månader).
  • Tilfredsstillande fagleg kompetanse dokumenterast med opplysingar om føretaket sine turvognløyve (gjeld ikkje ruteløyve for fartøy).

Søknad om ruteløyve for fartøy har i tillegg eit krav om garanti. Føretaket må stille garanti for det tal fartøy som skal nyttast i ruta:

  • Garantisummen er satt til 106 000 kr for første fartøy og 59 000 kr for påfølgjande fartøy.

Har du spørsmål angåande ruteløyve eller vil sende inn ein søknad kan du benytte eDialog.