Einerettar i Vestland fylke
I det nye yrkestransportregelverket har fylkeskommunen fått heimel til å innføre einerettar i kommunane i Vestland.
Kva betyr det?
Ein einerett vil gje løyvehavaren eksklusiv rett til praie- og bestillingstransport internt i kommunen. Vilkåra for å innføre einerett følgjer av yrkestransportlova § 9 bokstav a).
Fylkeskommunen må fastsette avgjerda om bruk av einerett i forskrift, og einerettsområdet må følgje kommunegrensene.
Fylkeskommunen vil kontinuerleg vurdere drosjetilbodet i fylket, og vurdere å innføre einerett dersom drosjetilbodet i den enkelte kommune vert utilfredsstillande. Fylkeskommunen vil vurdere dette konkret, og forslag til innføring av einerett vil sendast på høyring til den aktuelle kommunen og næringa. Dersom forskrift om einerett vert innført, vil einerettskontrakten lysast ut i samsvar med reglane i anskaffingsregelverket.
Ingen einerett i dag
Det ikkje innført einerett i noko kommune i Vestland. Alle einerettar som vert innførte blir publiserte på denne sida.