Dispensasjon frå krav om drosjeløyve

Frå 1. september 2024 kan småskala turistverksemd og "Inn på tunet"-verksemd søkje om dispensasjon frå krav om drosjeløyve. Det er likevel ein del objektive krav som må oppfyllast.

Kven kan få dispensasjon?

Dispensasjon kan berre innvilgast for transport av eigne kundar og brukarar til og frå aktivitetar som innehavar av dispensasjonen sjølv er arrangør av. Transporten må skje i tilknyting til sjølve arrangementet, og må vere ei underordna tilleggsytelse til hovedytelsen. 

Fylkeskommunen må vurdere om den aktuelle transporten kan bli utført av eksisterande løyvehavare og konkurranseflata mot både drosje og turvogn. Dispensasjonssøknader må bli sendt på høyring til relevante organisasjonar før ein dispensasjon kan bli innvilga. 

Dispensasjon kan bli innvilga for inntil fem bilar, og for maks tre år om gongen. Fylkeskommunen kan sette vilkår i dispensasjonen.

I område med miljøkrav (nullutslepp) for drosjar, vil dei same miljøkrava gjelde for bilar som har fått dispensasjon frå drosjeløyve. Her finner du mer informasjon om miljøkrava.

Søknad

Søknad om løyvefritak kan du sende inn ved å nytte eDialog, sjå grøn boks på høgre side. Søknaden må innehalde:

  • Politiattest for dagleg leiar og føretaket
  • Skatteattest for føretaket
  • Konkursregisterattest for føretaket
  • Garanti for antall biler det blir søkt om dispensasjon for (same garantisum som for drosjeløyve)
  • Informasjon om kva transport som skal utførast
  • Kopi av vognkort på dei køyretøya som treng dispensasjon

Viss føretaket er nyoppretta (mindre enn tre månader), må også dagleg leiar sende inn skatteattest og konkursregisterattest. 

Politiattest, skatteattest og konkursregisterattest må ikkje vere eldre enn tre månader. Garantist sender inn garantien direkte til oss til: post@vlfk.no

Regelverk

Dispensasjon frå krav om drosjeløyve er heimla i yrkestransportforskrifta § 48e.