Klimafotavtrykket til Vestland fylkeskommune
Klimafotavtrykket hjelper oss med å vurdere kvar Vestland fylkeskommunen har størst klimapåverknad. Klimafotavtrykket inkluderer klimagassutslepp for heile livssyklusen til produkt og tenester, både indirekte og direkte utslepp.
Klimafotavtrykket til Vestland fylkeskommune
Klimafotavtrykket hjelper oss med å vurdere kvar Vestland fylkeskommunen har størst klimapåverknad. Klimafotavtrykket inkluderer klimagassutslepp for heile livssyklusen til produkt og tenester, både indirekte og direkte utslepp.
Kva er klimafotavtrykket til verksemda
Fylkeskommunen har i fleire år publisert eit estimat, basert på KOSTRA-tal, for klimafotavtrykket til den fylkeskommunale verksemda. Dette er estimat som Asplan Viak gjer basert på sine faglege vurderingar, i samsvar med GHG-protokollen (Greenhouse Gas Protocol). GHG-protokollen er den mest brukte metoden verda over for å måle verksemder sine utslepp av klimagassar, delt inn i 3 kategoriar:
- Scope 1– Direkte utslipp
- Scope 2– Indirekte utslipp fra energiforsyning
- Scope 3– Indirekte utslipp knyttet til kjøp av varer og tjenester
Kva er dei største utsleppskjeldene frå den fylkeskommunale verksemda?
I 2023 var det totale klimagassutsleppet frå Vestland fylkeskommune si eiga verksemd 290 328 tonn CO2-ekvivalentar. Dei største utsleppa (figur 2) kjem frå:
- Innkjøp av tenester til hurtigbåttransport
- Klimafotavtrykket frå entreprenørtenester innkjøpt til å drifte og investere i fylkesvegar
- Klimafotavtrykket som er estimert for bygg og drift av vidaregåande skule
- Klimafotavtrykk frå kollektivtransport/buss (bilruter)
Kva bruker vi klimafotavtrykk til?
Klimafotavtrykket synleggjer kvar fylkeskommunen særleg kan påverke klimagassutslepp gjennom offentleg innkjøpsmakt, i tillegg til dei direkte utsleppa som kjem frå drift av fylkeskommunen. Til dømes har politiske vedtak gjennom ei årrekke har redusert klimagassutslepp frå ferjer og bussar på fylkesvegane. No er anbodet på hurtigbåtane og kontraktar knytt til fylkesvegane i fokus.
Sjå klima- og miljørekneskapen i årsmeldinga til Vestland fylkeskommune for meir informasjon om utvikling i klimagassutslepp frå eiga verksemd.
Kva skal ein vere merksam på når ein bruker klimafotavtrykksanalysen?
Når ein tolkar endringar frå år til år i klimafotavtrykket, bør ein ta omsyn til endra føresetnader.
Ein ting er at estimata tar utgangspunkt i dei økonomiske rekneskapstala til fylkeskommunen. Eit dyrare, men meir klimavenleg innkjøp, kan såleis antyde at utviklinga går i feil retning, medan det for klima faktisk har vore i rett retning.
Ein annan ting er at ei endring i klimafotavtrykket kan skuldast at oppdateringar og forbetringar i sjølve metodikken, heller ein iverksetting av faktiske tiltak som påverkar graden av klimagassutslepp.
Framskriving av klimagassutslepp (tCO2e) for verksemda (Vestland fylkeskommune)
Asplan Viak har utført ei framskriving av korleis VLFK sitt klimafotavtrykk kan utvikle seg framover med grunnlag i vedtekne tiltak på tidspunktet analysen vart gjennomført.
Tar ein utgangspunkt i 2020 som eit referanseår vil VLFK kunne redusere utsleppa frå verksemda med 29 % innan 2030 (figur 2) dersom ein gjennomfører tiltaka som føreslått i analysen.
Tiltaka som ligg i forutsetningane for utsleppsframskrivinga er knytt til spesifikke utsleppspostar innanfor den fylkeskommunale verksemda.
Dei viktigaste forutsetningane for utsleppsreduksjonen frå den fylkeskommunale verksemda er å halde fram med overgang til elektrisk/hybrid drift for båtane, ferjene og el/biogass for bussene, i tillegg til bruk av klimavennlege materialar innanfor både bygg og infrastruktur fram mot 2030.