Oppfølging av klimaplanen: Retningslinjer for planlegging i Vestland

Retningslinjer er spelereglar som seier kva som er venta av regional og kommunal planlegging i Vestland for å sikre oppfølging av måla i klimaplanen.

Retningslinjene er baserte på innspel i medverknadsprosessen, overordna føringar og retningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing.

Redusere direkte klimagassutslepp 

Transport 

1. I utviklinga av byar og tettstadar i Vestland skal det bli lagt til rette for redusert transportbehov og fossilfrie transportformer.

2. I regionale og kommunale planar skal det leggast til rette for at fleire skal kunne gå og sykle i staden for å nytte bil.

3. I kommunal planlegging bør det planleggast med areal og plassering av energistasjonar for nullutsleppskøyretøy.

4. I kommunal og regional planlegging av hamner og kaianlegg bør det leggast til rette for nok areal til landstraum og energistasjonar til fartøy.

Energieffektivisering 

5. Regional og kommunal planlegging skal leggje til rette for effektiv bruk av fornybar energi i bygningsmassen.

Klimavenleg landbruk 

6. Regional og kommunal planlegging skal sikre at jordvern blir eit overordna omsyn i arealplanlegginga. 

Berekraftig næringsutvikling 

7. I regional og kommunal arealplanlegging skal ny utbygging skje på ein skånsam måte som tek i vare naturressursane, biologisk mangfald og dei nasjonale jordvernmåla. Næringsutvikling bør bli prioritert på allereie utbygde areal, for å sikre berekraftig bruk av naturressursar og dyrka jord.

Redusere klimafotavtrykket 

8. Regional og kommunal planstrategi og kommuneplanen sin samfunnsdel bør inkludere status på klimafotavtrykket og vurdere behov for oppdatert kunnskap, planar eller tiltak for å redusere dette.

9. Ved rehabilitering og nybygg bør det nyttast byggematerial med lågast mo gleg klimafotavtrykk i eit livsløpsperspektiv.

Trygt og robust 

10. Klimaendringar skal inngå som vurderingstema i regional og kommunal planlegging, der høge alternativ frå nasjonale klimaframskrivingar vert lagt til grunn.

11. I arbeidet med kommuneplanen sin arealdel skal det vurderast om det er behov for oppheving eller revisjon av gjeldande reguleringsplanar, for å sikre at samla arealdisponering tek i vare omsynet til eit klima i endring.

12.Regionale og kommunale planar bør identifisere og handtere ulike former for klimarisiko i si planlegging.

13. Regional og kommunal planlegging skal ta høgde for eit endra klima og redusere fare for skader knytt til auka nedbør, flaum og havnivåstiging. Dette ved å unngå arealinngrep nær breidda av vassdrag, bekkar, sjø og i strandsona, og sikre areal til overvasshandtering. (For meir detaljerte retningsliner for overvasshandtering, sjå Regional plan for vassforvaltning for Vestland vassregion 2022–2027 og NVE sin rettleiar for handtering av overvatn.) 

14. Kommuneplanen sin samfunnsdel skal innehalde overordna vurderingar av om klimaendringane påverkar planen sine langsiktige utfordringar, mål eller strategiar.

15. I område med infrastruktur og bustader som er utsette for skred og erosjon bør det gjennom planlegging vurderast å setje av område til vernskog.

16. I regional og kommunal planlegging skal naturbaserte løysingar for klimatilpassing prioriterast der dette er mogeleg.

Sikre naturmangfald 

17. Vi bør unngå utbygging på karbonrike areal, som myr, våtmark og skog. Om tilstrekkelege kartleggingar ikkje er gjort skal føre-var-prinsippet leggast til grunn jf. naturmangfaldlova § 9).

18. Kommunar bør kartlegge økosystem og karbonrike areal med funksjon for klimatilpassing og opptak av C02.

19. I arbeidet med kommuneplanen sin arealdel skal det vurderast om det er behov for oppheving eller revisjon av gjeldande reguleringsplanar, for å sikre at samla arealdisponering tek vare på karbonrike areal, dyrka og dyrkbar mark, og viktig naturmangfald.

20. I regionale og overordna kommunale planprosessar skal potensielle område for restaurering av naturområde identifiserast og vurderast.

21. Kommunar bør utarbeide arealrekneskap som grunnlag for kommuneplanen sine arealstrategiar og arealdel.

Klimarettferd og folkehelse 

22. I regionale og kommunale planprosessar som omhandlar klimaomstilling bør sosiale og helsemessige konsekvensar av tiltaka bli vurderte, i tillegg til omsynet til menneske med nedsett funksjonsevne.

23. I kommunal og regional planlegging bør det leggast vekt på gode heilskaplege løysingar og ta i vare økosystem og arealbruk med betydning for klimatilpassing som bidreg til auka kvalitet i uteområda.