Tilskot til drift av miljøorganisasjonar

Denne utlysinga gjeld støtte til drift av miljøorganisasjonar som jobbar med klima, miljø og natur. Vi lyser no ut for samarbeid med avtaleperspektiv på 3 år (2024-2026).

Fylkeskommunen ønskjer å støtte aktørar som engasjerer lokalsamfunnet i tråd med Vestland sine klimaambisjonar.

Føremål

For denne ordninga gjeld det særskilt mål og strategiar i Regional plan for klima 2022-2035. Måla i klimaplanen går på å redusere direkte klimagassutslepp, redusere klimafotavtrykket, skape eit trygt og robust Vestland, sikre naturmangfald og bidra til klimarettferd og folkehelse.

Det vert inngått samarbeidsavtale med tilskotsmottakar for 3 år, med forbehold om budsjettløyving kvart år avtalen gjeld for. Tilskotsordningar skal sikre drift av lokale organisasjonar, som fremjar det lokale engasjementet i fylket og bidreg til haldings- og handlingsendringar knytt til klimaplanen sine mål og plantema. Slik skal tilskotsordninga bidra til å nå måla i klimaplanen, og sikre føreseieleg støtte til drift over fleire år. 

Kven kan søkje

  • Demokratisk styrte organisasjonar som jobbar med klima, natur eller miljø.
  • Dei må ha fylkes- eller lokallag i Vestland med lokale medlemmer.
  • Private verksemder kan ikkje søke. 

Økonomisk ramme

Det vert lyst ut totalt 1 000 000 kr til tilskot til drift av miljøorganisasjonar i 2024. Løyvinga over budsjettet for 2025 og 2026 vert gjort under føresetnad av budsjettramme for desse åra.

Vestland fylkeskommune vil kunne gje støtte med inntil 50 prosent av total kostnad. Det er krav om eigenfinansiering frå søkjar.

Søknadsfrist

8. september 2024

Korleis søke

Søknad skal bli fylt ut i Regionalforvaltning. Formulert korte og tydelege svar. Eventulle vedlegg kan bli lagt ved søknaden. 

Søknaden må innehalde:

  • Dokumentasjon på at ein arbeider med haldningsskapande tiltak for klima, miljø og natur.
  • Kvar ein er lokalisert, og kva deler av Vestland organisasjonen sin aktivitetar/prosjekt foregår. Eks. dekkjer organisasjonen heile fylket, eller nord-delen (Sogn og Fjordane) eller sør-delen (Hordaland).
  • Driftsutgifter
  • Medlemstal 
  • Rekneskap frå førre år
  • Årsmelding frå førre år 

Sakshandsaming

Administrasjonen handsamar innkomne søknadar i tråd med ordninga sitt føremål og vurderingskriterium, og førebur sak til fylkesutvalet for avgjersle på kven som får tilskot for 2024-2026. 

For å kunne få tilskot, må ein dokumentere at ein arbeider med konkrete prosjekt og haldningsskapande tiltak for klima og miljø (årsmelding for 2023 kan leggast ved).

Søkjarar som får innvilga tilskot, skal levere rapport i tråd med tilskotsbrevet.

Søknadar i tråd med vilkåra vil bli handsama etter følgjande vurdering og vekting:

  • planlagt aktivitet eller tiltak i heile fylket: 40 prosent
  • medlemsmasse i fylket: 25 prosent
  • er arbeidet handlingsskapande: 35 prosent

Søknadar som har låg vurdering/vekting på eit eller fleire vurderingskriterium kan få avslag/avkorta stønad.