Prosjekt og ressursar i arbeidet med klimaomstilling
På denne nettsida finn du ulike prosjekt og ressursar som kan vere nyttig for kommunane i arbeidet med klimaomstilling.
Klimavurderingar i tidleg planfase
Tidlege klimavurderingar i planarbeid er viktige for å sikre informerte val om arealbruk og infrastruktur. Ved å analysere utslepp tidleg kan avgjerdstakarar identifisere tiltak som reduserer klimagassutslepp og fremjar energieffektivitet. Bergen kommune, ved Plan- og bygningsetaten, har utarbeida eit indikatorsett, kalla «Klimanorm Bergen», som skal gi eit betre grunnlag for å gjere desse klimavurderingane i tidleg fase av eit planarbeid. På Bergen kommune sine nettsider finn du dokumenta du kan redigere når du nyttar vår rettleiar.
Referansebane for klimagassutslepp
Fylkeskommunen har fått utarbeida referansebane for klimagassutslepp på kommunalt nivå. Verktøyet er utarbeida av Asplan Viak, og alle kommunane i fylket kan bruke det i klimaarbeidet sitt.
Verktøyet er nyttig i arbeidet med kommunen sitt klimabudsjett, og referansebana viser estimert utvikling av klimagassutslepp på kommunalt nivå. Det er ekskludert kommunale tiltak, men dette er mogleg å legge inn for kvar einskild kommune. Dette er for å ta høgde for lokale forhold.
Referansebaneverktøyet er tilgjengeleg via KlimaVestland sin teamskanal, som er open for alle i kommunane - berre ta kontakt, så legg vi deg til.
Klimabudsjett 2.0
Prosjektet fokuserer på forbruksbaserte utslepp, innan kategoriane transport, mat, energi, varer og tenester og offentleg verksemd. To rapportar presenterer teori og metodikk for å innrette politikk som adresserer forbruksbaserte utslepp og konkrete tiltak for å redusere dei. Rapporten Forbruk og utslepp i norske kommunar (pdf) fokuserer på korleis redusere forbruksbaserte utslepp i kommunar med utgangspunkt i Unngå, Flytte, Forbetre" (UFF)-rammeverket er eit verktøy for å kartlegge tiltak med størst effekt for klima og natur. og verkemiddelspakkar. Det er presentert saman med teori om korleis ein best innfører tiltak slik at ein oppnår støtte i befolkninga, ved å ta omsyn til implementeringsfart, teknologisk tilgjengelegheit, kostnad og blanding av verkemiddel. Tilrådingane er summerte opp i kronikken Fem råd til kommuner for å få oss med på nødvendige livsstilsendringer
Rapporten forbruk og utslepp i fylkeskommunen (pdf) bygger vidare på teorien i rapporten for kommunar. I tillegg undersøker rapporten handlingsrommet for fylkeskommunen til å redusere forbruksbaserte utslepp gjennom sine roller som samfunnsutviklar, tenesteytar og i eigen verksemd. Rapporten gir sju tilrådingar til korleis innrette ein klimapolitikk som verkar og varar, blant anna ved å sikre samordning på tvers av både faglege siloar og forvaltningsnivå. I tillegg er det gitt døme på verkemiddelspakkar sett saman etter presenterte teori.
Prosjektet leverte òg ei liste med over 200 tiltak for både direkte og indirekte utslepp innan kategoriane transport, mat, energi, varer og tenester. Ein kan filtrere tiltaka etter styringsnivå, anslått reduksjonspotensiale, fylkeskommunen sin betydning og rolle, samt plassering i UFF-rammeverket. Til Vestlandsforskning si tiltaksliste for forbruk.
Potensiale for energieffektivisering i Vestland
Vestland fylkeskommune vedtok i Regional plan for klima (2022-2025) at Vestland skal bidra til nasjonalt mål om 10 TWh redusert straumforbruk i eksisterande bygg. For å undersøke moglegheita for dette har Multiconsult og Menon Economics utgreia temaet i ein rapport for Vestland fylkeskommune for å undersøke potensialet for energieffektivisering i Vestland (PDF).
Utgreiinga fokuserer på bygningsgruppene private bustadar, næringsbygg og kommunale bygg. Den presenterer mogelegheiter og barrierar for energieffektivisering av desse bygga. I tillegg er teknisk energisparingspotensiale gjennom energieffektivisering kartlagt og presentert for bygningsmassen til dei tre gruppene til saman.
Tiltak som er vurdert er
- Energioppfølging
- Styring og forbetring av eksisterande tekniske installasjonar
- Etterisolering og utskifting av vindauge
- Lokal solkraftproduksjon
- Endra energiforsyningsløysing med auka del varmepumper
- Endra energiforsyningsløysing med auka del fjernvarme
Rapporten syner kor mykje energi kvart tiltak sparar og kva dei kostar, kor mykje klimagassutslepp kvart einskildtiltak reduserer, og vurderer samla korleis desse tiltaka påverkar arealbruk og sosial ulikskap