Vestlandshuset er ei ikonbygning for Bergen og heile Vestland. Her kjem du tett på alt som rører seg. Kombinert med topp moderne og miljøvenlege løysingar er dette perfekt for ei verksemd som vil ha ein seriøs og framtidsretta profil overfor kundar og samarbeidspartnarar.
Bygningen er utforma med tanke på trivsel og effektivitet for alle brukarane. Fasilitetane er i øvste sjikt og er tilpassa den fleksibiliteten eit framtidig arbeidsliv krev.
Ledig heile 5. etasje i tårn nord
5. etasje er blitt ledig og treng nye leigetakarar. Her får du tilgang til fellesområde som inkluderer:
- møte- og konferansesenter med 31 møterom
- personalrestaurant drifta av Søtt + Salt
- stor innvendig sykkelparkering
- treningsrom og garderobar
- takterrassar
Frå før har Handelsbanken, Forvis Mazars, Experis, Sikt og Harris Advokatfirma flytta inn i Vestlandshuset, som dei deler med Vestland fylkeskommune og Skyss.
- Harris Advokatfirma har sikra seg to av etasjane, dei fall for totalpakken bygget har å by på.
- Sikt sikra seg plass i fylkeshuset
- Mazars sikra seg toppetasjen, no er kontorlokala utleigd.