illustrasjon av takterrasse på fylkeshuset

Ein berekraftig arbeidsplass

Solceller på taket, store opne areal, lågt energibehov og robuste materialar er med på å gjere Vestlandshuset berekraftig.

klokken på fylkeshuset

Høg miljøstandard

Vestlandshuset vil med god margin oppfylle den høge miljøstandarden, BREEAM-NOR Excellent. Alle areal skal ha gode dagslysforhold, utsyn og blendingskontroll. Fasadane vil bestå av 50 prosent vindauge frå golv til tak, og 50 prosent tett vegg. Dette vil halde energibehovet til oppvarming om vinteren og kjøling om sommaren på eit lågt nivå. Ventilasjon blir behovsstyrt med luftkvalitetssensorar. Dette vil sikre god inneluftkvalitet med svært lite energiforbruk til ventilasjon.

Solceller på taket

Taka på Vestlandshuset har ein stor solcellepark. Solcellepanela vil produsere oppunder 100 000 kWh/år. Det tilsvarar om lag like mykje straum som å trengs for varme opp om lag 10 husvære. Solcelleanlegget vil i tillegg til å sikre optimal produksjon per panel, gi høve for å kutte spenninga frå anlegget til nær null ved behov.

illustrasjon av takterrasse på fylkeshuset

Lunsj i det grøne

Vestlandshuset vil få fleire takterrassar og hagar. Her kan du ta ein liten pause og slappe av i hagar på ulike nivå høgt over bakkeplan, omringa av lokale planter og tre. Hagene vil gi deg ein god og variert arbeidsdag. Du vil alltid kunne trekke litt frisk luft i det grøne, midt i ein kontorbygning, midt i byen.

Sykkelstativ på rekke bortover i ein kjellar.

Stor sykkelparkering

Vestlandshuset har stor sykkelparkering med plass til 250 syklar og 50 el-syklar. I tillegg er det 30 sykkelparkeringsplassar for gjestar. For deg som syklar eller løper til jobben har vi dusj og garderobar. Vi har og eigne skap for hjelm og batteri til el-syklar. Treng du å komme deg til andre sida av sentrum, men manglar sykkel? Då finn du dei grøne bysyklane på heile tre stader i nærleiken; på plassen utanfor St. Jakob kyrkje, ved Scandic Ørnen og på Bystasjonen.

fugleperpektivbilde av tre arbeidere som heller betong over bakken

Lågkarbonbetong og resirkulert stål

Ved å bruke robuste og haldbare materialar, vil bygget få lang levetid, låge vedlikehaldskostnadar og lågt behov for utskiftingar. Primærkonstruksjonen er planlagt å bestå for det meste av lågkarbonbetong av så høg kvalitet som praktisk mogleg. Der det må brukast stål, er det planlagt å bruke resirkulert stål. Det gjeld mellom anna bjelkar, pålar og armeringsjern.

et Ask-tre sett underfra og opp

Berekraftige materiale

Flere stader i bygget blir det berande element i tre, som til dømes i fylkestingssalen, utvalssaler og i delar av kantina. Tre, hovudsakleg kortreist ask og eik, skal i delar av bygget nyttast som innvendig kledning på veggar, på golv og i tak.