
Næringslokale til leige
På gateplan er det fire ledige lokale til spisestad, butikk eller anna næring. Det største lokalet har kjøkken og uteområde og er for kafé eller restaurant. Ope og moderne, og med stort kundetilfang, gjer dette til ein attraktiv plass å drive business.

Leig kontorlokale i Vestlandshuset
10. etasje i nordre tårn er ledig til leige. Lokala er moderne og fleksible, og du får byens beste utsikt! Leigetakarar får tilgang til resepsjon, felles møte- og konferansesenter, kantine, terrasse, sykkelparkering, treningsrom og garderobe
Tidslinje for prosjektet
23. februar flytta Vestland fylkeskommune og Skyss administrasjon inn i Vestlandshuset. Etter kvart vil også Bybanen Utbygging og leigetakarar frå Harris Advokatfirma, Sikt og Experis flytte inn i ikonbygget i Bergen sentrum.
Våren 2021
Grunnsteinsnedlegging og byggestart.
Hausten 2021
Nordre tårn – VS13 – blir ferdig reist.
Våren 2022
Heile fylkeshuset er ferdig reist og bygget skal vere tett. No startar innreiinga.
Våren 2023
23. februar 2023 flytta om lag 800 tilsette inn i Vestlandshuset!