REA3004 - fysikk 1

Liste med aktuelle øvingar

Newtons 1., 2. og 3. lov

  • Setje opp relevant måleutstyr (kraftmålarar, tau, klossar, vekter og liknande).
  • Bruke resultatet til å avgjere om lovene er stadfesta.

Berekne mekanisk energi for gjenstandar i bevegelse

  • Setje opp relevant utstyr og gjere målingar.
  • Berekne den mekaniske energien før og etter.
  • Avgjere om energien er bevart.

Termofysikk

  • Teikne graf over temperaturendringa når vi varmar opp vatn med is til kokepunktet ved å nytte datalogging eller anna måleutstyr.
  • Forklare kva som skjer med den indre energien i vatnet til dei ulike faseovergangane.

Elektrisitet

  • Kople opp enkle elektriske kretsar med lyspærer og matstandar som er kopla i parallell og serie.
  • Måle straum og spenning i kretsen.
  • Kunne forklara kva som skjer i kretsen når vi varierer straum, spenning og motstand.

Gjennomføre eksperiment som viser interferens

  • Her kan fjør, bølgekar eller (laser)lys brukast.
  • Kunne forklare kva som skjer.

Atomfysikk (spekter)

  • Studere lys frå gassar/grunnstoff og bruke emisjonsspekter til å fastslå kva for gassar/grunnstoff som sender ut lyset.
  • Forklare dei fysiske prinsippa bak utsending av lys.

Astrofysikk (StefanBoltzmans lov)

  • Endre lyset frå ei lampe ved å bruke variabel motstand.
  • Berekne effekt og temperatur.
  • Etterprøve om Stefan-Boltzmans lov gjeld.

Måling av fart og akselerasjon ved hjelp av digitale hjelpemiddel

  • Setje opp utstyr og skaffe data
  • Bruke dataa til å få fram matematisk modell for bevegelsen. (For eksempel ved regresjon).

Fysikk og teknologi

  • Kople opp kretsar med diodar og transistorar og forklare verkemåte og bruksområde.
  • Gjennomføre eit forsøk med ein digital sensor og forklare verkemåte.