Eksamensinformasjon, gamle fagkodar (LK06)

Retningslinjer for privatisteksamen i kroppsøving.

Hordaland:

Eksamen startar vanlegvis med ei fellesøkt på omtrent 30 minutt inkludert oppvarming. Fellesøkta skal reknast som del av eksamen. Etterpå trekkjer du ei oppgåve som er relevant i høve til kompetansemåla i læreplanen i faget.

Førebuingstida blir på inntil 30 minutt og den individuelle utspørjinga på inntil 15 minutt. I førebuingstida skal du planleggje trening der du viser dei grunnleggjande prinsippa for trening for å ivareta eiga helse og livsstil. Det arbeidet som blir gjort i førebuinga kan takast med på den individuelle utspørjinga.

Dersom eksamen ikkje startar med ei fellesøkt, blir førebuing og eksamen på inntil 45 minutt kvar.

Du vil bli prøvd i minimum to idrettar og ein dans eller annan rørsleaktivitet samt treningsaktiviteten som er trekt i førebuingsdelen. I samband med individuell idrett kan det i nokre høve bli aktuelt å nytte ein partnar dersom det er behov for motstandar.

Sogn og fjordane:

  • Førebuingstid: 45 minutt.
  • Eksamenstid: Vurderingssituasjon inntil 45 minutt per elev.

I førebuingsdelen vil kandidaten få ei oppgåve som skal førebuast med tanke på å gjennomføre seinare, forklare og vise heile eller delar i praktisk aktivitet. Rammene er kompetansemåla i læreplanen. 

Gjennomføring

Kandidatane må ta med utstyr som trengst for å gjennomføre fysisk aktivitet på parkett, gras/kunstgras og i symjehall.

I eksamensgjennomføringa skal kandidaten gjennomføre, forklare og vise heile eller delar av oppgåva frå førebuingsdelen. I tillegg vil kandidaten verte spurt i andre delar av læreplanen, og eller beden om å vise ferdigheit i andre delar av læreplanen. Eksamen vert gjennomført i idrettshall med parkett, gras/kunstgras eller symjehall. Aktivitetar som krev spesialanlegg eller utstyr vert ikkje prøvd. Ein av sensorane kan delta i den praktiske gjennomføringa som partner eller objekt etter behov.

Vurdering

Både den praktiske og den munnlege delen tel ved fastsetjing av karakteren. I den praktiske delen vert både fysiske, tekniske og taktiske eigenskapar vurdert.