Saksbehandling -  spesialundervising for lærekandidat

Formål

Rutinen skal sikre at lærekandidatar som har behov, får spesialundervisning.

Lærekandidatordninga gir grunnkompetanse. Lærekandidatar får tilpassa opplæring med redusert læreplan med eit utval av måla. Kompetansemåla blir valt ut på førehand, og lærebedrifta må lage ein intern plan for opplæringa som er tilpassa for lærekandidaten. Planen skal innehalde måla og kva tiltak som er nødvendige for å nå måla.

Den langsiktige, realistiske målsettinga med opplæringa og kandidaten sine framtidige moglegheiter på arbeidsmarknaden må tydeleggjerast. Intern plan for opplæringa må evaluerast og reviderast i samband med halvtårsvurdering eller etter behov.

Før tilvising om spesialundervisning skal lærebedrifta og lærekandidaten saman med Rettleiingstenesta (RLT) vurdere om dei valde kompetansemåla er realistiske eller skal endrast. Lærebedrifta skal prøve ut kva tiltak som kan vere tenlege for kandidaten i samråd med RLT.

Det er først når lærekandidaten ikkje har eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa, etter den reduserte tilpassa læreplanen, at han eller ho har rett til spesialundervisning.

Dersom eleven skal bli lærekandidat i same bedrift som eleven har YFF i, er det mogeleg for PPT å skrive sakkunnig vurdering for bedriftsdelen av opplæringa når eleven er i YFF. Dette bør primært skje siste halvår i Vg2. Bedrifta må i utgangspunktet ha prøvd ut tiltak og avklart kva som er opplæringsmåla.

Rutinen gjeld for lærekandidatar, lærebedrifter, RLT, avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse ved Inntak formidling og sluttvurdering (IFS).

Kva Korleis Når Ansvar
Tilvising Lærekandidaten i samarbeid med lærestad (lærebedrift) fyller ut tilvisings-skjema og samtykke og sender til PPT. Rapport/vurderi ng lærekandidat inkl. intern plan frå bedrift, skal sendast som ein del av tilvisinga. PPT Ved behov

Lærekandidat i samarbeid med lærebedrift. Lærebedrifta fyller ut rapport/vurdering

  • fagleg perspektiv
  • sosialt perspektiv
  • språk
Sakkunnig vurdering frå PPT

Sakkunnig vurdering gir tilråding knytt til

  • innhaldet i opplæringa
  • organiseringa
  • omfang i tid
  • om det er behov for personar med særskilt kompetanse til opplæringa

Basert på PPT sin dialog med og informasjon frå

  • RLT
  • lærekandidat
  • føresette dersom lærekandidaten er under 18 år
  • lærebedrift
  • skule eller andre relevante instansar

Sakkunnig vurdering skal sendast lærekandidat via VIS, med kopi til lærebedrift, IFS og føresette dersom lærekandidaten er under 18 år.

4 veker etter mottatt tilvising Rettleiingstenesta (RLT) ved PPT
Gjennomgang sakkunnig vurdering

Møte lærebedrift, RLT, lærekandidat og føresette dersom lærekandidaten er under 18 år. Gjennomgang av sakkunnig vurdering der lærekandidat får høve til å uttale seg. Dersom det i gjennomgangen kjem fram ny informasjon, skal RLT legge ved informasjonen i form av eit møtereferat.

Utfall (skjema):

  • samtykkeerklæring frå kandidaten til å fatte vedtak

eller

  • at lærekandidaten ikkje ønskjer spesialundervisninga, og signerer på skjema for dette
Når sakkunnig vurdering ligg føre Rettleiingstenesta (RLT) ved PPT
Enkeltvedtak om spesialundervisning eller avslag

Det skal fattast enkeltvedtak om spesialundervisning, som omfattar:

  • innhaldet i opplæringa
  • organisering av opplæringa
  • omfang i tid
  • behov for personar med særskilt kompetanse

Vedtak eller avslagsbrev blir sendt til lærekandidaten, med kopi til føresette dersom lærekandidaten er under 18 år, og lærebedrift.

Innan to veker etter sakkunnig vurdering ligg føre Seksjon for inntak, forvaltning og sluttvurdering (IFS)
Enkeltvedtak om refusjon av utgifter Brev med stadfesting av refusjonskrav for kandidaten og fakturaopplysingar. På forskot – for maks eitt år. Når enkeltvedtaket om spesialundervisning er sendt Seksjon for inntak, forvaltning og sluttvurdering (IFS)
Individuell opplær-ingsplan IOP Lærebedrift utarbeidar individuell opplæringsplan (IOP) etter mal og i samsvar med vedtak. Skal sendast via eDialog til IFS. IOP skal oppdaterast halvårleg og kjem i tillegg til internplan for opplæringa. Innan fire veker etter mottatt enkeltvedtak Lærebedrifta
Faktura frå bedrifta Med grunnlag i tildelingsbrevet og IOP.   Lærebedrifta
Oppfølging i bedrifta Rettleiingstenesta besøker bedrift. RLT spør etter oppdatert IOP og ev. årsrapport. Etter behov Rettleiingstenesta (RLT)
Evaluering av rutinen   Februar 2023 IFS