Leppe-, kjeve- og ganespalte

Kjeveortopedisk behandling av leppe-, kjeve-, ganespalte.

Kva er leppe-, kjeve-, ganespalte?

Leppe-, kjeve-, ganespalte er ei fellesnemning på den vanlegaste medfødde anatomiske misdanninga i hovud-hals-regionen. Misdanninga kan påverke ei rekke vesentlege funksjonar som pusting, høyrsel, tyggefunksjon, tale og estetikk. Ubehandla vil ein pasient med spalte kunne få eit handikap som i stor grad kan påverka funksjon og livskvalitet.

Spalte oppstår tidleg i fosterlivet ved at dei ulike delane av ansiktet ikkje veks saman. Dette medfører utvikling av tre undergrupper av spalter. Enten berre spalte i leppa, berre spalte i ganen, eller at spalta er samanhengande frå leppa, over kjevekam og heilt bak til og med den blaute gane.

I Noreg er førekomsten omtrent 2 av 1000 fødslar. Dette gjev mellom 100 og 130 nye tilfelle kvart år.

Tilvising til leppe-, kjeve-, ganespalte

01.01.2024 overtok Helse Bergen ansvaret for behandling av LKG pasientar. 

Tilvisar må ta kontakt med Haukeland Sykehus, plastikkkirurgisk avd:

E-post: gitte.hauge.visnes@helse-bergen.no.

Telefon 55 97 09 41 eller  55 97 62 86.

Behandling

Behandlinga av borna er eit tverrfagleg samarbeid av forskjellige spesialistar som bidreg i meir eller mindre grad. Dei viktigaste profesjonane er plastisk kirurgar og spesialistar innan øyre-nase-hals, spesialistar innan logopedi/taletrening, og tannlegar som er spesialiserte innan tannregulering (kjeveortopedi). Det er to slike tverrfaglige grupper i Norge, ei i Oslo og ei i Bergen.

Alle barn med medfødd spalte og foreldre møter spesialistar i behandlingsteamet på informasjonsmøte i første levemånad. Dette er eit viktig møte for alle partar. Då blir foreldre informerte om kva ei spalte er, og hovudtrekka av kva barnet deira vil oppleve av behandling. Det er også viktig for behandlarar å bli kjende med barnet og foreldra, for å danne seg eit bilete av omfanget av spalta.

Spaltestorleik og alvorlegheit kan variere mykje. Heilt frå ein relativt uproblematisk spalta drøvel, til ei meir alvorleg spalte som kan strekke seg frå leppa, gjennom tannbogen og kan dele den harde og blaute gane i to separerte deler. Storleik og alvorlegheit bestemmer behov for behandling, og det må difor alltid lagast ein individuell behandlingsplan.

Kjeveortopedane si rolle i teamet er å behandle tenner og kjeve. Dersom det blir registrert ei utvikling av eit avvik, må behandling startast på rett tidspunkt. Tidleg behandling skal freista å påverke vekst og utvikling av tenner, bitt, kjeve og ansikt. Behandlinga kan vere med plate eller strenger som blir limte fast til tenner i ein periode. Noko av behandling vil bli utført i Bergen, og noko kan gjerast på heimstad. Kjeveortopeden skal òg koordinere behandlinga hos dei andre i teamet, i tillegg til å halde kontakt med lokal tannpleiar, tannlege og kjeveortoped. Når det er ei spalte som går gjennom tannbogen, må kjeveortopeden også legge forholda til rette for innlegging av bein. I dag blir dette beinet henta frå hofta og lagt til tannbogen. Dette blir gjort når barnet er mellom 7 og 11 år gamalt.

Vi ønsker eit så godt behandlingsresultat som mogeleg. Det kan vere noko tidkrevande å oppnå dette, men kvalitetsvurderingar har konkludert at behandling som blir gjort i Noreg er av høg internasjonal standard.