Hugs å stemme ved fylkestingvalet!
11. september 2023 kan du vere med og bestemme kven som skal ta politiske avgjersler i Vestland fylkeskommune. Du kan førehandsstemme allereie no!

Denne hausten skal vi velje nytt fylkesting i Vestland. Fylkeskommunen har mange ansvarsområde som er viktige for kvardagslivet for deg som innbyggjar. Dette inkluderer mellom anna:
- tannhelse
- kollektivtilbod
- vidaregåande opplæring
- klima og miljø
- kultur og idrett
Du kan vere med og bestemme korleis dette skal forvaltast. Derfor er det viktig at du hugsar å stemme ved fylkestingvalet 11. september.