Høyring - framlegg til planprogram for Regional transportplan 2022-2033

Regional transportplan 2022-2033 er det øvste strategiske dokumentet for samferdsle i Vestland. Korleis skal denne langsiktige planen strukturerast? Kva plantema skal den ta føre seg? Korleis sikre god medverknad? Planprogrammet  - planen for planen - var på høyring fram til 14. juli 2020.

KVA MEINAR DU? Regional transportplan 2022-2033 er ute på høyring, og publikum no sende inn høyringsinnspel.
KVA MEINAR DU? Regional transportplan 2022-2033 er ute på høyring, og publikum no sende inn høyringsinnspel.


"Planprogram - Regional transportplan 2022-2033" for Vestland fylke vert no lagt ut på høyring i samsvar med plan- og bygningslova (pbl) kap. 8, og etter vedtak i fylkesutvalet i Vestland PS 105/2020 den 28.05.2020.

Planprogrammet skisserer formålet med planen, organisering, utfordringsbilde og utgreiingsbehov.

Les meir om Regional transportplan for Vestland fylke

Bakgrunn

Grunna fylkessamanslåing, nye fylkeskommunale arbeidsoppgåver innan samferdselssektoren og eit behov for å avklare korleis det nye fylket skal løyse oppgåvene innan samferdselssektoren, vedtok fylkesutvalet i PS 22/2019 at arbeidet med Regional transportplan skulle starte opp. I saka gjorde fylkesutvalet følgjande vedtak:

“Arbeidet med ein felles regional transportplan startar opp parallelt med planstrategien. Det vert lagt til grunn at planstrategien vert vedteken før ny regional transportplan slik at føringar i planstrategien vert lagt til grunn for planen.”

Ei rekke nasjonale og regionale planar legg føringar for arbeidet med RTP for Vestland. Nasjonal transportplan, utviklingsplanen for Vestland, samt berekraftsmåla til FN vert særleg trekt fram som viktige føringar.

Den regionale planen skal i samsvar med pbl § 8-2 leggast til grunn for regionale organ si verksemd, samt for kommunal og statleg planlegging og verksemd i regionen.

Planprogrammet skisserer fem plantema

  • Fylkesvegnettet
  • Mobilitet og kollektivtransport
  • Miljøløftet
  • Finansiering
  • Nasjonale ansvarsområde

Planarbeidet skal ta tak i nokre felles problemstillingar som må løysast på ulike måtar

  • Korleis skal fylkeskommunale midlar prioriterast innan samferdselssektoren?
  • Korleis skal kollektivtransporten utviklast?
  • Korleis skal vi sikre mobiliteten til innbyggarar samstundes som vi skal nå nullvekstmålet i Bergensområdet?
  • Korleis skal samferdselssektoren bygge opp under ein sterk vestlandsregion?
  • Korleis skal fylkeskommunen prioritere i sine innspel til nasjonale styresmakter i samband med utarbeiding av neste NTP?

Vestland fylkeskommune sin visjon om å vere berekraftig og nyskapande skal vera synleg i planen.

Siktemålet er at planen skal bli eit godt verkemiddel for å koordinere statleg, fylkeskommunal og kommunale interesser og dermed få eit heilskapleg utviklingsperspektiv innanfor samferdslesektoren.

Offentleg ettersyn

I høyringa ber vi særleg om tilbakemeldingar på:

  • Er formålet med planarbeidet tilstrekkeleg omtala?
  • Dekker dei skisserte plantema det utfordringsbildet vi har innanfor samferdselssektoren i Vestland?
  • Innspel om behov for ny kunnskap, altså andre utgreiingsbehov?
  • Kommentarar til organisering, prosess og medverknad

Dersom statlege organ eller kommunar som blir direkte råka av planen har vesentlege innvendingar mot planen sitt formål, gjer fylkeskommunen merksam på at dette må fremjast i samband med offentlege ettersyn av planforslaget, jf. pbl § 8-4.

Høyringsfrist: 14.juli 2020

Gje innspel ved å sende e-post merka med «2020/52844» til post@vlfk.no.