Høyring - forslag til revidert forskrift for økonomisk godtgjersle og arbeidsvilkår for folkevalde i Vestland fylkeskommune

Dei folkevalde sine økonomiske rettar og plikter er regulert i forskrift for økonomisk godtgjersle og arbeidsvilkår for folkevalde i Vestland fylkeskommune. No kan du komme med innspel til forslag til revidert forskrift.

Fylkesdirektøren har utarbeida forslag til revidert forskrift, og ønskjer innspel frå dei som forskrifta rettar seg mot.

Kven kan komme med innspel?

Folkevalde medlem og varamedlem av fylkestinget og andre fylkeskommunale organ som har heimel i kommunelova eller særlov, og organ kor medlem er oppnemnd av eller etter fullmakt frå fylkestinget.

I tillegg gjeld forskrifta og for fylkeskommunane sine tillitsvalde i fylkeskommunale organ.

Bakgrunn

I fylkestinget juni 2021 i PS 68/2021 vart følgjande formulering tatt inn i forskrift for økonomisk godtgjersle og arbeidsvilkår for folkevalde i § 1-1 tredje ledd: «Forskrifta skal gjennomgå revidering og vedtakast i løpet av første halvår av valåret når det er fylkestingsval.»

Forslag til revidert forskrift er i stor grad basert på innspel frå arbeidsutval for delegering. Arbeidsutval for delegering er fylkestinget sitt arbeidsutval, og er på mange måtar eit fagutval som arbeidar med fylkeskommunen sine reglement og forskrifter.

Høyringsbrevet tar sikte på å synleggjere både arbeidsutvalet og fylkesdirektøren sine vurderingar, omsyn og arbeid.

Merk at forslaget til revidert forskrift er lagt fram av fylkesdirektøren og ikkje av arbeidsutval for delegering. Arbeidsutval for delegering vil leggje fram si innstilling etter at forslag til revidert forskrift har vore ute på høyring.

Du kan sende inn dine høyringssinnspal fram til 15. september 2022.