Resultat av fylkestingsvalet

Vestland var beste fylke i landet i valdeltaking ved fylkestingsvalet 11. september 2023.

Valdeltakinga i Vestland var på 60,9 prosent. Gjennomsnittet ved fylkestingsvalet for heile landet var 57,5 prosent.

Nest beste fylke er Rogaland med 60,5 prosent og Trøndelag på 3. plass med 59,6 prosent. Lågast valdeltaking av fylka har Nordland med 53,2 prosent.

Samanlikner vi valdeltakinga i Vestland med valet i 2019, har valdeltakinga gått noko ned. Den var 63,7 prosent i 2019. Gjennomsnittet for heile landet var 60,5 prosent. I 2019 hadde Vestland også størst valdeltaking ved fylkestingsvalet i landet.

65 representantar

I det nye Vestland fylkesting er det 65 representantar. Valresultatet viser at:

  • Høgre er største parti med 22,8 prosent og får 15 mandat. Dette er ein auke på 4,8 prosentpoeng.
  • Arbeidarpartiet blir det nest største partiet med 17,8 prosent av stemmene og 12 mandat. Det utgjer ein tilbakegang på 2,6 prosentpoeng.
  • Framstegspartiet er tredje størst med 12,6 prosent og får 9 mandat. Dei går fram med 4,1 prosentpoeng.
  • Senterpartiet er på 4. plass med 11,0 prosent og 7 mandat. Dette er ein tilbakegang på 4,8 prosentpoeng.
  • Sosialistisk Venstreparti på 5. plass får 7,8 prosent, går fram 1,5 prosentpoeng og får 4 mandat.
  • Industri- og Næringspartiet er ny i fylkestinget, får 6,1 prosent og 4 mandat.
  • Kristeleg Folkeparti får 4,9 prosent og 3 mandat. Det er same resultat som sist.
  • Venstre får 4,2 prosent, 3 mandat og går fram 0,7 prosentpoeng
  • Miljøpartiet De Grønne får 3,9 prosent, får 3 mandat og går tilbake 3,2 prosentpoeng.
  • Raudt får 3,2 prosent, 2 mandat og går tilbake 0,2 prosentpoeng
  • Pensjonistpartiet får 1,4 prosent, 1 mandat og går fram 0,3 prosentpoeng.

Dei andre seks partia, som stilte til val, får ikkje mandat. Det gjeld Konservativt 0,9 prosent, Folkets Parti 0,4 prosent, Norgesdemokratene 0,4 prosent, Folkestyrelisten 0,3 prosent, Partiet Sentrum 0,3 prosent og Liberalistene 0,2 prosent.

I alt var det 507 923 røysteføre i Vestland. Av desse stemte 309 492. Og 155 689 av desse stemte på førehand. 5756 stemmer var blanke og 166 stemmer vart forkasta.