Vann fylkesmeisterskapen for ungdomsbedrifter

Ungdom frå heile fylket konkurrerte om prisen som beste ungdomsbedrift då fylkesmeisterskapen for ungdomsbedrifter blei arrangert i Bergen og i Førde.

Seks unge gutar som held rundt kvarandre. Guten i midten held ein grøn plakat med teksten "1. plass Beste ungdomsbedrift".
TIL TOPPS: Prima Vedlike UB frå Nordahl Grieg vidaregåande skule gjekk til topps i fylkesmeisterskapen for ungdomsbedrifter i Bergen (Foto: Ungt Entreprenørskap Vestland).

Ungt Entreprenørskap Vestland inviterte til fylkets store festdag for ung skaparkraft då fylkesmeisterskapen for ungdomsbedrifter blei arrangert på Amalie Skram vidaregåande skule 17. mars og i Førdehuset 21. mars.

– Endeleg får vi samla heile fylket til to dedikerte entreprenørskapsdagar. Under fylkesmeisterskapen vises skaparglede, kreativitet og engasjement på kloss hold. Ungdommane våre sit på løysingane for framtidas Noreg, seier Gry Sæterdal, dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap Vestland.

Vedlikehald av uteområde

Vinnaren av beste ungdomsbedrift i Bergen blei Prima Vedlike UB. Gutane i ungdomsbedrifta, som til dagleg går på Nordahl Grieg vidaregåande skule i Bergen, beskriv at deira forretningsidé er å utføre profesjonell og berekraftig vedlikehald av uteområde til ein konkurransedyktig pris for privat- og bedriftsmarknaden i Bergen. 

Totalt er det 12 kategoriar i meisterskapen og kvar kategori blir nøye bedømt av juryar beståande av representantar frå arbeids- og næringslivet.

Juryen var full av lovord om årets vinnar i Bergen: «Juryen meiner marknadsplanen til bedrifta er svært god. Dei har jobba godt med kundar og etablert godt samarbeid med andre aktørar. Bedrifta framstår som ein proff aktør med godt gjennomarbeida profil. Dei viser god forståing for økonomi. Juryen meiner bedrifta har funnet ein nisje innanfor eit etablert marknad, men som likevel betyr at dei har skapt sin eigen arbeidsplass, med ein plan for å engasjere fleire unge i arbeidet. Det berekraftige elementet ved gjenbruk av kundens utstyr samstundes som bedrifta tar tak i den store utfordringa knytt til kor vanskeleg det er for ungdommar å få jobb, gjer dette til årets vinnar.».

I tillegg til prisen som beste ungdomsbedrift, vann Prima Vedlike UB prisane for beste videopitch og beste marknadsføring, og andreplass for beste forretningsplan.

Skal lære barn om FNs berekraftsmål

I Førde blei vinnaren av beste ungdomsbedrift Berekraftig Moro UB. Ungdomsbedrifta består av ei gruppe jenter frå Sogndal vidaregåande skule. Dei ønskjer å lære barnehage- og barneskulebarn om FNs berekraftsmål på ein enkel og gøy måte.

Juryen var veldig imponert over Berekraftig Moro UB: «Ungdomsbedrifta som vi kårar til Beste ungdomsbedrift 2023 har eit genialt enkelt, skalerbart og samfunnsnyttig produkt som folk i alle aldrar kan ha det moro med og lære av. Det er visuelt, sosialt og unikt! Ungdomsbedrifta har levert på alle punkt i vurderingskriteriene, spesielt det som handlar om berekraft. Dei kan potensielt nå ut til heile verda.».

Ungdomsbedrifta frå Sogndal stakk av med ikkje mindre enn seks prisar. I tillegg til beste ungdomsbedrift, vann bedrifta berekraftprisen, prisen for størst verdiskapingspotensial, beste samarbeid med næringslivet, innovasjonsprisen og beste yrkesfaglege bedrift.

Tre unge jenter på rad. Jenten i midten holder ein grøn plakat.
VANN: Berekraftig Moro UB vann fleire prisar då fylkesmeisterskapen for ungdomsbedrifter blei arrangert i Førdehuset (Foto: Ungt Entreprenørskap Vestland).

12 000 elevar i Ungdomsbedrift

Ungdomsbedrift er eit program der elevar på vidaregåande opplæring får erfaring med å etablere, drive og avvikle sine eigne ungdomsbedrifter gjennom eitt skuleår. Kvart år gjennomfører ca. 12 000 elevar programmet på landsbasis, noko som utgjer 20 prosent av alle elevar i vidaregåande opplæring.

Frå Vestland til NM og Stortinget

Nokon av ungdomsbedriftene skal vidare til Noregsmeisterskapen i Ungdomsbedrift som gjennomførast 27.–28. april i Lillestrøm. Dei skal også besøke Hordalandsbenken og Sogn og Fjordane-benken på Stortinget.

– Ungdom fortener å bli sett. Takka vere alle næringslivsaktørane som stiller frivillig på arrangementet får ungdommane heilt unik synlegheit og lærdom som dei sjølv kan ta med seg når dei skal ut i jobb om nokon år. Det er så viktig å kople seg på fylkesmeisterskapen fordi her møter du framtidas kollegaer og sjefar, seier Gry Sæterdal.