Reduserte utslepp på nye ferjer i Sogn og Fjordane

– Vi har ambisjon om å redusere utsleppa med opptil 95 prosent i dei nye ferjekontraktane i Sogn og Fjordane, seier fylkesvaraordførar Natalia Golis. Dei nye ferjekontraktane skal starte i januar 2027.

Ferje legg til kai
NY FERJE: Krakhella er ein av ferjekaiane som kan få ny ferje med kraftig redusert utslepp. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Fylkesutvalet har vedteke ambisjonar og rammer for ferjesambanda i Sogn og Fjordane i møtet 6. juni, som vart leia av fylkesvaraordførar Natalia Golis.

Vestland fylkeskommune driv fem ferjesamband i Sogn og Fjordane: Måløy–Oldeide–Husevågøy, Isane–Stårheim, Askvoll–Gjervik–Fure-Værlandet, Rysjedalsvika–Rutledal–Krakhella–Losna og Hisarøy–Mjånes.

Store investeringar

Ved utgangen av 2026 går dei noverande kontraktane ut. Fire av sambanda nyttar diesel, mens Hisarøy–Mjånes er kabelferje med elektrisk framdrift.

– Ambisjonen vår om låg- eller nullutslepp vil føre til vesentleg reduksjon i CO2-utsleppa. Det kan bidra til betre luftkvalitet og ha positiv innverknad på folkehelsa. Men elektrifisering av ferjesambanda vil krevje store investeringar i straumnettet. Vi har difor behov for statleg støtte for å oppretthalde det gode arbeidet fylkeskommunen gjer for å kutte klimagassutslepp, seier Golis.

Drift på same nivå

I vedtaket legg fylkesutvalet opp til at drifta av ferjene skal vere på minst same nivå som i dag.

–  Dette er viktige samband som bind lokalsamfunna saman og sikrar trygg transport for innbyggarane. Fleire av sambanda er einaste transportmoglegheit mellom øysamfunn og fastlandet. Dei spelar ei avgjerande rolle for at innbyggarane skal kunne reise og få tilgang til mellom anna offentlege tenester, seier Golis.

Innspel frå kommunane

Alle kommunar som har ferjesamband, er invitert til å uttale seg. Alle nabokommunar er også invitert. Det har også vore møte med kommunar som har ønskt det.

–  Vi har vurdert alle innspel og gjort mindre justeringar. Vi har også sett på statistikk over bilar som ikkje har kome med ferjene  og vurdert om sambanda har tilstrekkeleg kapasitet. I tillegg har vi justert rutetabellane for å opne for korte ladepausar. Det er viktig å understreke at dette ikkje har gått ut over tal avgangar og opningstid, som er som før, understrekar fylkesvaraordførar Natalia Golis.

Fylkesutvalet får saka tilbake ut på hausten når kontraktskrava er ferdig utarbeidd og utlysing kan skje.