Fylkeskommunen ber Riksantikvaren frede Otternes-tunet i Aurland

Vil bevare Otternes som eit kulturhistorisk og bygningshistorisk viktig døme på klyngetuna på Vestlandet.

Gamle bygningar.
OTTERNES: Mange ulike bygningstypar er bevarte på Otternes, dei eldste er bygde tilbake på 1700-talet. (Foto: Arlen Bidne/Vestland fylkeskommune)

– Det er svært gledeleg å konstatere at denne saka no har kome så langt. Heilt sidan 1970-talet har det vore drøfta ei mogleg fredingssak for Otternes, og no håpar vi Riksantikvaren er einig med fylkeskommunen om at dette er eit kulturminne av nasjonal verdi. Vi meiner ei freding vil gje eit føreseieleg vern og vil ta vare på dei kulturhistoriske verdiane på ein god måte, seier Stian Davies.

Han er leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering, som vedtok fredingsforslaget i møtet 20. september. Fredingsforslaget omfattar alle bygningane på tunet, eit grøntområde rundt bygningane og eit område rundt sjølve tunet. Forslaget blir no sendt til Riksantikvaren, som avgjer om Otternes skal fredast eller ikkje.

Oversiktsbilde av klyngetunet Otternes i Aurland.
TYPISK KLYNGETUN: Otternes ligg mellom Aurland og Flåm, som syner i bakgrunnen på bildet. Det formar eit typisk vestlandsk klyngjetun, der fleire bruk har samla bygningane sine på eit felles tun. (Foto: Glenn Heine Orkelbog/Vestland fylkeskommune)

Klyngetun

Otternes ligg mellom Aurland og Flåm og er eit av svært få typiske klyngetun som står att. Eit klyngetun er ei tettbygd samling gardsbruk, som tidlegare var vanleg på Vestlandet. Kvart bruk hadde mange småteigar, som ikkje låg samla, men spreidde innimellom teigar til andre. Ofte brukte dei utmarka og beiteområda ilag.

På siste halvdel av 1800-talet blei det sett i gang ei storstilt utskifting av gardane på Vestlandet. Det førte til at dei gamle klyngetuna vart oppløyste, og bruka fekk samla jorda si kring eit nytt tun til kvart enkelt bruk.

Frukthagar

På Otternes er det bevart ulike bygningstypar som var vanlege på dei gamle klyngetuna. Her er ulike typar stovebygningar, eldhus, stabbur og driftsbygningar. Dei spenner seg over eit stort tidsrom, der dei eldste er frå 1700-talet, og dei nyaste er bygde mitt på 1900-talet. I tillegg er det bevart fleire gamle frukthagar, der både dei oppmura strukturar og gamle trea er godt bevarte.

Gamle frukttre.
FRUKTHAGAR: Frukthagane med gamle frukttre er viktige på Otternes og hevar den kulturhistoriske verdien av klyngetunet. (Foto: Arlen Bidne/Vestland fylkeskommune)

– Hagane er eit element som trekkjer opp den kulturhistoriske verdien, fordi det finst få så godt bevarte hagar av denne typen. Det er så få klyngetun att, og difor så viktig å ta vare på dei, seier Davies.