Droppar takstauke på buss og bybane – vil ha fleire sjåførar

– Vi satsar betydeleg for at endå fleire skal reise med buss og bybane, men vi må òg utdanne fleire sjåførar, seier fylkesordførar Jon Askeland. Slik det er no, er situasjonen krevjande og ein planlagd kampanje for å få fleire til å reise kollektivt er difor sett på vent.

To bussar på Bryggen i Bergen.
KOLLEKTIV: Fylkesutvalet har bestemt at takstane for å reise med buss og bane i fylket ikkje blir auka i år. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Sjølv om det ikkje blir kampanje i haust for å auke tal kollektivreisande får dei reisande likevel eit gode: Takstane blir ikkje auka i 2023. 

Støttar utdanning av sjåførar

– Vi har vald å utsette kampanjen fordi vi ikkje har nok sjåførar til buss og bybane i dag. Før vi ruller ut ein kampanje for å få endå fleire reisande, må vi heller ha ein kampanje for å utdanne fleire sjåførar. Dette ønskjer vi å stimulere og har sett av tre til fem millionar kroner til å støtte utdanninga og gje kompensasjon for eventuell tapt arbeidsforteneste, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Utdanninga av sjåførar kan skje ved vidaregåande skular i Os og Sogndal, og ved trafikkskule i Bergen.

Stimulere

– Vi ønskjer sjølvsagt å få fleire reisande over til å reise kollektivt. At takstane no blir frosne ut året, vil stimulere til å reise med buss, bybane og båtar. Dette er også positivt for klima, då det vil kunne redusere bruk av privatbil og kan redusere utsleppa, seier Askeland. 

Takstfrys i kollektivtrafikken vil koste om lag 16 millionar kroner fram til årsskiftet. Den planlagde kampanjen med 40 prosent rabatt på periodebillettar i perioden 15. august til 30. september vedtok fylkesvalet å utsette til seinare.