Byggjer vi dei rette anlegga for idrett og fysisk aktivitet?

Det er noko av det Høgskulen på Vestlandet søkjer svar på når dei vil forske på prosjektet Nyskapande aktivitetsanlegg.

menneske rundt bord med mykje papir og gule lappar
FORSKINGSPROSJEKT: For å kome i gang med prosessen med å søkje Forskingsrådet om støtte til eit stort samarbeidsprosjekt, inviterte fylkeskommunen og høgskulen til seminar om prosjektet i Sogndal i vinter. Der deltok blant andre tilsette frå kommunar, frivilligheita, høgskulen, fylkeskommunen, arkitektkontor og studentar. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Vestland fylkeskommune)

Det handlar om uteområde ved skular, og det handlar om hallar. Vestland fylkeskommune har jobba med prosjektet sidan 2020, og etter kvart har mange kommunar i fylket blitt med. Men kva er eigentleg eit nyskapande aktivitetsanlegg?

Handlar om å tenkje annleis

– Vi har ingen definisjon, og det er eigentleg heile poenget. Det handlar om å tenkje nytt og annleis enn før når det gjeld uteplassar og aktivitetshallar. Kunnskap er essensielt. Det handlar om å bruke kunnskap om nærmiljøa i tidleg fase. Kva utfordringar finst der? Vi må vite noko om utfordringane for å ta rette avgjerder om kva som skal byggjast, fortel prosjektleiar Hanne Espe.

Så langt er ingen av anlegga ferdige, og det er også ein stor del av poenget med prosjektet. Kommunane skal i samarbeid med arkitektkontor og fylkeskommunen bruke god tid på å den tidlege fasen, og ta den tida det tek for å treffe rett.

Målet er å byggje dei rette anlegga for fysisk aktivitet, og å byggje anlegg også for dei som ikkje allereie er fysisk aktive.

Tre kvinner og ein mann framfor eit rom med folk.
Vestland fylkeskommune har jobba med prosjektet Nyskapande aktivitetsanlegg sidan 2020, saman med ulike kommunar, skular og arkitektkontor. No er prosjektleiar Hanne Espe nøgd med å ha fått høgskulen med på laget, for å forske på prosjektet. F.v. Turid Skrede, Vestland fylkeskommune; Kenneth Waggestad-Stoa, Curve Studio; Hanne Espe, Vestland fylkeskommune; Ellen Eimhjellen Blom, Høgskulen på Vestlandet. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Vestland fylkeskommune)

Er vi på rett spor?

Sidan ein stor del av prosjektet handlar om kunnskapsgrunnlag og medverknad, er Espe glad for at forskings- og utviklingsmiljøet ved høgskulen i Sogndal no blir kopla på. Dei skal sjå nærare på sjølve prosjektet Nyskapande aktivitetsanlegg og sikre kunnskap om det.

– Vi krev at kommunane som blir med i prosjektet skal sikre seg kunnskap før dei byrjar å grave og byggje noko. No skal forskings- og utviklingsmiljøet sjå nærare på prosjektet for å sikre at det vi gjer faktisk fungerer etter hensikta. Vi vil gjerne vite om medverknadsprosessane vi har vore gjennom faktisk fungerer, om vi byggjer rett. Kunnskap er viktig også for det overordna prosjektet, ikkje berre for alle prosjekta rundt i kommunane, fortel Espe.

Prosjektet blir del av masterstudium

I første omgang er prosjektet del av emnet Fysisk aktivitet og folkehelseprosjekt i mastergradsstudiet i idrettsvitskap. To studentar skal jobbe med nyskapande aktivitetsanlegg. Dei skal sjå nærare på medverknadsprosess for ny aktivitetshall i Sogndal kommune, og skissere ein plan for korleis denne bør vere.

På litt lenger sikt ønskjer høgskulen å få til eit samarbeidsprosjekt som kan søkje støtte frå Forskingsrådet. Målet er då å utvikle ny kunnskap og bygge forskingskompetanse samfunnet treng for å møte viktige samfunnsutfordringar.

– Fysisk inaktivitet er ei utfordring for folkehelsa, spesielt hjå barn og unge. Vi treng kunnskap om korleis gjere det lett å vere fysisk aktiv. Nyskapande aktivitetsanlegg åleine kan ikkje løyse det, men vi trur anlegga og prosjektprosessen kan bidra til eit aktivt lokalmiljø og gje ein ny arena med låg terskel for bruk og deltaking også for dei som er mindre aktive eller ikkje deltek i idrett, seier Turid Skrede.  

Mann held føredrag.
Reidar Säfvenbom er professor ved Norges idrettshøgskole og deltok på seminaret i Sogndal i vinter. Han snakka særleg om den sjølvorganiserte aktiviteten, og kvifor stat, fylkeskommune og kommune bør leggje til rette for denne. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Vestland fylkeskommune)

Rom for utforsking

Kenneth Waggestad-Stoa er arkitekt i Curve studios. Han har vore med i prosjektet sidan starten og har jobba saman med Kinn og Austevoll kommunar om prosjekt som gjeld uteområde ved skular.

– Noko av det viktigaste med prosjektet er at det er forståing for at føresetnadane er ulike på alle stadane, når det gjeld brukargrupper, interessentar og det fysiske. Det er rom for kvalitetssikring og utforsking, noko som har kjempestor verdi. Eg opplever at målet er å lage noko for alle, ein stad der ein kan møtast og vere fysisk aktiv. Det er kanskje det viktigaste tiltaket for folkehelsa, både fysisk og mentalt, seier han.

Kva treng staden og folka?

Prosjektleiar Hanne Espe strekar også under dimensjonen i prosjektet med å byggje noko som er tilpassa både stad og brukargrupper.

– Svaret er ikkje alltid ein hall. Spørsmålet er kanskje heller treng vi ein hall? Vi må kanskje starte med å spørje kven vi skal byggje for? Vi må byggje for den spesifikke staden og folka der. Og det som skal byggast må svare på lokale utfordringar og behov. Det er i stor grad eit folkehelseprosjekt, med eit breitt inkluderingsperspektiv. Det nyskapande handlar ikkje berre om innhaldet og arkitekturen, men også om organisering og drift. Eg håpar at når vi no koplar på høgskulen og forskingsmiljøet der på prosjektet, kan få svar på om vi treff, om vi jobbar på rett måte, eller om vi bør justere kursen, avsluttar ho.

Prosjektet Nyskapande aktivitetsanlegg har eit overordna todelt mål:

  • å få fram berekraftige eksempelbygg basert på medverknad og kunnskap
  • å påverke den nasjonale politikken for anleggsutvikling