Ny kunnskap kan gje nye turopplevingar i Breheimen

2022 er frivilligheitas år, og frivillige gjer ein stor innsats på mange område. Eitt av dei gjeld registrering av kulturminne i høgfjellet, der ny kunnskap igjen kan gje nye turopplevingar.

foto av fangstgrop frå førhistorisk tid
FØRHISTORISK JAKT: Dei nye registreringane inkluderer ei rekke fangstgraver og fangstanlegg for reinsdyr, som syner korleis menneske jakta på dyr før dei hadde skytevåpen. (Foto: Luster austre fjellstyre)

Eit samarbeid mellom frivillige, Luster kommune og Vestland fylkeskommune har resultert i meir og ny kunnskap om korleis ein nytta ressursane i Breheimen i tidlegare tider. Den nye informasjonen er gjort tilgjengeleg for alle på kulturminnesok.no.

Det er eit prosjekt i regi av Luster austre fjellstyre som har resultert i kjennskap til mange nye kulturminne i høgfjellet i Breheimen nasjonalpark. Prosjektet har omfatta både gjennomgang av arkivmateriale, samtalar med lokale frivillige og feltarbeid.

Kartfesting kan gje nye turopplevingar

Vestland fylkeskommune har bidrege med å gjere den nye kunnskapen meir tilgjengeleg.

– Her har kommunen og fjellstyret gjort ein stor jobb med å samle inn informasjon som gir oss heilt ny og viktig kunnskap om førhistorisk jakt og fangst. Det er særleg kjekt fordi vi har hatt lite slik kjennskap til dette området tidlegare. Og sjølv om ny kunnskap i seg sjølv er nyttig, gir det ein ekstra dimensjon når vi deler og gjer det tilgjengeleg for alle. Gjennom kartfestinga kan turgåarar finne fram til kulturminna og få nye turopplevingar i fjellheimen, seier Eivind Magnus Krag, som er rådgjevar for feltarkeologi i Vestland fylkeskommune.  

kart over blant anna Breheimen, med merke for arkeologiske registreringar
TUROMRÅDE: Breheimen er eit populært turområde, med blant anna fleire både betjente og ubetjente DNT-hytter, blant anna på Nørdstedalseter og Fast. Dei nyregistrerte kulturminna kan gje turen ein ny dimensjon for kultur- og historieinteresserte turgåarar.

Breheimen nasjonalpark ligg mellom riksveg 55 over Sognefjellet og riksveg 15 over Strynefjellet, i kommunane Luster, Lom og Skjåk. Her har isbrear, skred og andre geologiske prosessar forma landskapet gjennom tusenvis av år. Landskapet varierer mellom frodige stølsdalar, snautt høgfjell og isbrear.

Førhistorisk jakt og stølsdrift

Med hjelp frå fjellstyret har fylkeskommunen lagt inn heile 90 nye arkeologiske kulturminne på kulturminnesok.no. Fjellstyret har bidrege med bilde, GPS-punkt og ei kort skildring av kulturminna.

Det er ulike typar kulturminne. Dei kan i hovudsak setjast i samanheng med førhistoriske bruk av høgfjellsressursane. Det er fangstgraver og fangstanlegg for reinsdyr, men også førhistoriske stølar. Fangstgravene syner korleis folk dreiv jakt før dei hadde skytevåpen.

Funna gir ny kunnskap om i kva omfang og korleis høgfjellsressursane vart brukte i førhistorisk tid.

foto av gamal tuft
STØLSDRIFT: I Breheimen er det også funne spor etter førhistorisk stølsdrift, i form av fleire slike gamle tufter. (Foto: Trond Rune Flikki)

Viktige frivillige bidrag

Registreringsprosjektet til Luster austre fjellstyre fekk midlar frå Breheimen nasjonalparkstyre, Luster kommune og grunneigarfondet til Statskog. Viktig bidrag inn i prosjektet var informasjon frå frivillige.

– Dette prosjektet er eit godt døme på at informasjon frå frivillige lag og organisasjonar gir viktige bidrag til ny kunnskap om førhistoria til fylket. Mange spor av menneska i førhistorisk tid er endå ikkje kjende, og kvart funn gir oss ny kunnskap. Vi oppmodar difor om å ta kontakt om nokon veit om noko som burde med i oversikta til kulturminnesok.no, seier Eivind Magnus Krag.