Inviterer til frivilligkonferanse i Sogndal

Frivilligheita i Vestland er 17. og 18. juni invitert til konferanse i Sogndal. Ti frivillige organisasjonar står bak konferansen, saman med Vestland fylkeskommune.

foto av Cidi Nzita snakkande på ei scene, med folk sitjande på golvet rundt
PRISVINNAR: Cidi Nzita er ein av innleiarane under konferansen og har vore ansvarleg for integreringsprosjektet «Alle skal med» i samarbeid med Norna-Salhus IL. Han har også starta opp den frivillige organisasjonen «Springbrett for ungdom» og er årets vinnar av Bergen kommune sin ungdomspris.

Korleis få med fleire deltakarar og frivillige, redusere barrierane for deltaking og arbeide meir berekraftig? Det er dei viktigaste spørsmåla under Frivilligkonferansen i Sogndal.

– Eg ser fram til å få høyre korleis andre frivillige organisasjonar arbeider for å få med fleire frivillige og medlemer, og til å treffe positive menneske, styrke nettverket, ha det kjekt og bli inspirert, seier Knut Songve, organisasjonssjef i Vestland idrettskrets, ein av organisasjonane som står bak konferansen.

– Saman er vi sterke

Ti paraplyorganisasjonar frå frivillig sektor har gått saman med Vestland fylkeskommune om konferansen. Det er eit mål å styrke samarbeidet mellom frivillige organisasjonar i Frivilligåret 2022.

– For fylkeskommunen er det viktig å vere med og leggje til rette for eit mangfaldig og solid organisasjonsliv i Vestland. Det er avgjerande for folkehelse, inkludering, fysisk aktivitet og mykje meir. Eg håpar konferansen kan bidra til at endå fleire engasjerer seg, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering, som skal opne konferansen.

Organisasjonane som er med og arrangerer, representerer blant anna idretten, friluftsliv og musikklivet.

– Det er viktig med ein slik konferanse på tvers av organisasjonane. Då kan vi kan treffast og ikkje minst få nye samarbeidspartnarar. Saman er vi sterke og kan fronte felles saker, seier Marianne Hoff, styreleiar i Vestland musikkråd, som også er blant arrangørane.

Startar med motivasjonsforedrag

Frivilligkonferansen startar med eit forarrangement fredag 17. juni, for dei som er i Sogndal allereie denne kvelden. Då blir det mellom anna motivasjonsforedrag om frivilligheita som ressurs, ved Rasmus Mo som har mange års leiarerfaring innan luftfart, toppidrett, eigedomsutvikling og flyktningarbeid.  

Sjølve konferansedagen er laurdag 18. juni og startar med innleiingar om rekruttering av deltakarar, frivillige og medlemer ved Vanja Konradsen i Frivillighet Norge, Carl Harbitz-Rasmussen frå Norges kulturvernforbund og Janne-Christin Rabben i Norges Musikkorps Forbund Hordaland.

Berekraft og inkludering

Selma-Blanco-Landeråen, frå DNT Ung Bergen og Dag Sandvik frå Bergen og Hordaland Turlag vil saman med Knut Songve i Vestland idrettskrets fortelje om berekraftsarbeid i høvesvis friluftslivet og idretten.

Marit Nedkvitne vil fortelje om Voss Røde Kors og Voss herad sitt samarbeid for å inkludere innvandrarar og unge frå låginntektsfamiliar i fritidsaktivitetar. Deretter vil Cidi Nzita innleie om korleis vi kan få med ungdom og inkludere fleire. Nzita har leia integreringsprosjekt og er årets vinnar av Bergen kommune sin ungdomspris for å ha starta den frivillige organisasjonen «Springbrett for ungdom».

Første frivilligkonferanse i Vestland

Frivilligkonferansen er det første av sitt slag i Vestland, og ein del av Frivilligheitas år 2022. Arrangørane har lagt vekt på at flest mogleg skal kunne delta på konferansen. Alle innleiingane under konferansedagen 18. juni blir derfor sendt direkte digitalt.

Desse er med og arrangerer konferansen saman med Vestland fylkeskommune:

  • Vestland musikkråd
  • Vestland idrettskrets
  • Forum for Natur og Friluftsliv
  • Vestland Innvandrerråd
  • Vaksenopplæringsforbundet Vestland
  • Vestland Frivilligsentralar
  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)
  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO)