Frivilligheita i Vestland får 1,3 millionar kroner

I Frivilligåret 2022 blir det både ordinære og ekstraordinære midlar til frivillig organisasjonsliv i fylket. Slik vil fylkeskommunen få med fleire og sikre eit mangfaldig kulturliv.

foto av ungar i fotballdrakt som står rundt ein trenar
STOR FRIVILLIG INNSATS: Både barneidrett og anna aktivitet i lag og organisasjonar over heile fylket er i stor grad basert på frivillig innsats. Då treng ein frivillige, og det er noko av målet med Frivilligåret 2022, å auke deltakinga og fjerne barrierer for å delta. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock)

Det er vanskeleg å sjå føre seg eit Vestland og eit Noreg utan frivillige organisasjonar. Frivillig engasjement har enormt å seie for tilbod innan blant anna idrett, kultur og integreringsarbeid. Vestland fylkeskommune vil legge til rette for ein sterk frivillig sektor, og støtte opp om det viktige arbeidet, særleg for barn og unge, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering.

Mangfald står sentralt

Hovudutvalet fordelte i møtet 24. mai 800 000 kr til prosjekt og tiltak innan frivillig kulturliv. Midlane går til alt frå MGP-låtskrivarcamp og e-kurs i låtskriving og nettsamfunn til seminar, bok og nettside om Kinn kyrkje. Stikkorda er variasjon og mangfald.

– Vi ønskjer eit mangfaldig frivillig kulturliv i Vestland, med tilbod for ulike aldersgrupper, interessefelt og på ulike stadar. Det er eit mål at flest mogleg skal finne noko som passar for dei, slår Davies fast.

Du finn oversikt over alle som får tilskot til prosjekt og tiltak i det frivillige kulturlivet i den politiske saka. Forslaget til vedtak var vedteke slik det står i saka.

Markeringar av frivilligåret

Hovudutvalet fordelte også 500 000 kr som er øyremerka Frivilligåret 2022. Dette er ekstraordinære midlar som Vestland fylkeskommune har sett av til markeringar av frivilligåret.

– Noko av målet med det nasjonale frivilligåret er å få fleire til å delta i frivilligheita, å fjerne barrierar og å synleggjere betydninga til frivillig sektor. Difor er det særleg gledeleg med ekstra midlar til frivilligheita dette året. Vi ser at det er planlagt mange gode tiltak og markeringar, og håpar det kan vere med å løfte frivilligheita i fylket, seier Davies.

Blant tiltaka som får støtte er 4H sin landsleir i regi av 4H Sogn og Fjordane, fleire markeringar i regi av Vestland idrettskrets og satsing på meir mangfald miljørørsla, i regi av Naturvernforbundet Hordaland.

Du finn oversikt over alle som får tilskot i samband med Frivilligåret 2022 i den politiske saka. Forslaget til vedtak vart vedteke som det står i saka.