– Har alltid visst at eg ville bli frisør

– Det er veldig kjekt, eg har fått fast jobb og tener bra, seier Silje-Kristin Fondevik Iversen. Torsdag kveld fekk den nybakte frisøren utdelt sveinebrev under ein høgtideleg seremoni i Håkonshallen i Bergen.

Utdeling sveinebrev
SVEINEGILDE: Silje-Kristin Fondevik Iversen frekk sveinebrev som frisør og vart gratulert av Ann-Kristin Kristoffersen, leiar av yrkesopplæringsnemnda, fylkesordførar Jon Askeland og oldgesell Inge Bauge. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Sveinegildet vart skipa til av Bergen Næringsråd, Opplæringskontora og Vestland fylkeskommune. Sveinegildet har lange og historiske tradisjonar i Bergen, men seremonien i vår tid er ei forenkla utgåve. Over 200 kandidatar i 41 ulike fag fekk utdelt sveine- eller fagbrev. Frisørfaget var mellom dei største med 16 kandidatar.

– Eg har tatt utdanninga på Årstad videregående skole og gått læretida hos Ramsvik frisør på Vestkanten. 12. august tok eg sveinebrevet og fekk fast jobb hos Ramsvik, seier Silje-Kristin Fondevik Iversen.

Innmarsj sveinegilde
Alle kandidatane marsjerte inn og ut av Håkonshallen. leia av oldgesell Inge Bauge og fire skutelsveiner frå Slåtthaug videregående skole. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Kjekt yrke

Val av yrke var lett for ho.

– Eg var heilt sikker, eg har alltid visst at eg ville bli frisør. Yrket synest eg er veldig kjekt. Eg har mange greie kundar og 14 kjekke kollegaer. Vi har eit veldig godt miljø. Eg kan tilrå alle å bli frisør, seier Silje-Kristin Fondevik Iversen som fekk utdelt sveinebrevet av Ann-Kristin Kristoffersen som er leiar av yrkesopplæringsnemnda i fylket.

Største fag

Det største faget på utdelinga var tømrarfaget med 33 kandidatar. Sunniva Bjørvik er ein av kandidatane.

– Eg gjekk på Laksevåg vidaregåande skule. Studiespesialisering hadde eg ikkje lyst å ta, så eg tenkte på tømraryrket. Eg har vore med farfaren min som er tømrar, og eg likar fysisk arbeid. Og så kan eg bygge mitt eige hus, seier Sunniva Bjørvik.

Utdeling sveinebrev
TØMRAR OG MATROS: Sunniva Bjørvik fekk sveinebrev som tømrar og Cora Hjelme fekk fagbrev som matros og gratulasjon frå Ann-Kristin Kristoffersen, leiar av yrkesopplæringsnemnda, fylkesordførar Jon Askeland og oldgesell Inge Bauge. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

På hummerfiske

I matrosfaget var det fem kandidatar. Ein av dei er Cora Hjelme. Ho har gått på Sotra og Bergen maritime vidaregåande skular.

– Eg likar sjøen og havet og har vore med far min på hummerfiske. Så valde ein kompis av meg matrosfaget, og eg herma. Eg fekk læreplass ganske lett, og det skal vere lett å få jobb, men dette skuleåret har eg vald å ta påbygg. Eg tenker framleis på kva eg skal gjere på og synest det er vanskeleg val. Difor går eg på påbygg. Så får eg sjå til sommaren, når skuleåret er omme, kva eg gjer vidare, seier Cora Hjelme.

Thomas Jakobsen i automatiseringsfaget fekk fagbrev
Thomas Jakobsen i automatiseringsfaget fekk fagbrev delt ut av Ann-Kristin Kristoffersen, leiar av yrkesopplæringsnemnda, og Bekka Skaasheim (delvis skjult), som er assisterande avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Ikkje lett å velje yrke

Sunniva Bjørvik og Cora Hjelme gjekk i same klasse på Fjell ungdomsskule. Når går dei i same klasse igjen, no på Sotra vidaregåande skule for å få studiekompetanse.

– Dette skuleåret er det første gongen Sotra vgs har oppretta påbygg, vg4, for kandidatar med fag- og sveinebrev. Det er ikkje lett å velje yrke, men eg tenker på å studere innan berekraftig utvikling innan tømrarfaget. Til våren skal eg vurdere kvar vegen går vidare, seier Sunniva Bjørvik.

Verdifulle

Fylkesordførar Jon Askeland helsa kandidatane.

– Eg er stolt av dykk. De har valt den rette utdanninga og etterutdanninga. Dette er starten på neste fase i yrkeslivet, å nytte kunnskapen og ferdigheitane som fagarbeidar. Å skape framtida di vidare i arbeidslivet og tene pengar. De har møtt og vil møte ei verd og jobbsituasjon der endring og omstilling blir det vanlege. Då er de veldig verdifulle, for det du kan, kan alltid byggjast vidare på, og med dine eigne menneskelege eigenskapar, så har du grunnsteinen i jobblivet ditt for det du vel vidare.

Fagutdanning i vaksen alder

Fylkesordføraren hadde også ei spesiell helsing.

– Mange av dykk som er her i dag, har tatt fag- eller sveinebrev i vaksen alder. Det står stor respekt av, etter mange år, å satse som ufaglært, og gjennomføre både eksamen og den praktiske prøva, i tillegg til jobb og familieliv, sa fylkesordførar Jon Askeland.

Sveinegildet vart leia av Inge Bauge som er oldgesell og leiar av Byggmestrenes Servicekontor AS. Med septer i handa leia han prosesjonen av alle kandidatane inn og ut av Håkonshallen. Fire skutelssveiner, frå Slåtthaug videregående skule, bar ein «lade», ein slag kasse der alle fag- og sveinebreva låg oppi, etterfølgt av oldermennene. Dei er leiarar av sine faglege laug og foreiningar.