Søk tilskot til lokale historiske ferdsleårer

I samband med frivilligåret 2022 lyser Vestland fylkeskommune no ut midlar til å leggje til rette, skjøtte og formidle lokale historiske ferdsleårer.

Foto frå Kongevegen over Filefjell
KONGEVEGEN: Kongevegen over Filefjell er ei av dei historiske hovudrutene mellom Vestlandet og Austlandet og var den første køyrevegen mellom landsdelane. Vegen er restaurert og er i dag eit populært turmål for turgåarar. (Foto: Eva Moberg/Vestland fylkeskommune)

Dei frivillige gjer ein stor innsats i arbeidet med å ta vare på kulturminne og kulturmiljø. I frivilligåret rettar vi merksemda mot lokale aktørar for å løfte fram og synleggjere det viktige arbeidet dei gjer.

Historiske stiar, vegar, ruter og andre ferdsleårer er tema for tilskotsordninga i 2022. Her kan lag og organisasjonar søke om midlar til å etablere og opne nye historiske ferdsleårer eller til å revitalisere eksisterande. Midlane kan nyttast til ulike tiltak for å synleggjere, skjøtte, leggje til rette og formidle dei lokale historiske ferdsleårene.

Kvar einskild foreining, lag eller organisasjon kan søke om inntil 100 000 kr.

Søknadsfrist er 15. februar.

Det er Klima- og miljødepartementet som har løyvd midlar til denne tilskotsordninga. Vestland fylkeskommune har også løyvd ekstra tilskotsmidlar i samband med frivilligåret 2022. Kriterium og søknadsfrist for den tilskotsordninga blir klar i januar.