Tilbyr karriererettleiing frå Vestland til heile landet

Tre karriererettleiarar frå Vestland fylkeskommune skal rettleie vaksne over heile Noreg om utdanning og yrke – på chat og telefon.

Karriererettleiarar i lokalet til Karriere Vestland
KLAR TIL Å RETTLEIE: Karriererettleiarane Sesilie Ådland, Anette Venås Lefdalsnes og Hilde Torvanger saman med Kjell Helge Kleppestø som er leiar for Karriere Vestland.

Små, grå og lydtette «samtaleboksar» er plasserte i lokala til Karriere Vestland på Sandslihaugen. Der skal Hilde Torvanger, Anette Venås Lefdalsnes og Sesilie Ådland gi karriererettleiing til vaksne i heile landet.

Vestland fylkeskommune er nemleg ein av tre fylkeskommunar som har fått i oppdrag av regjeringa å bemanne den nye nasjonale karriererettleiingstenesta karriereveiledning.no.

Digital rettleiing

Denne veka startar arbeidet som i hovudsak skal skje digitalt via chat. Dei som treng meir oppfølging, kan også snakke med rettleiarane på telefon.

– No er vi i gang! Vi gler oss til å få vere med i det viktige arbeidet med å utvikle ei ny digital karriererettleiingsteneste, seier dei tre karriererettleiarane.

Sist veke deltok dei på opplæring i regi av Kompetanse Norge, direktoratet under Kunnskapsdepartementet som leier arbeidet med karriereveiledning.no. Kompetanse Norge plukka ut Vestland fylkeskommune til oppdraget, etter ein søknadsrunde der alle fylka i landet deltok. Karriererettleiarane frå Vestland inngår i eit nasjonalt team der også rettleiarar frå Innlandet, Trøndelag og Kompetanse Norge deltar.
Hilde, Anette og Sesilie gler seg stort til å vere med og utvikle den nye nasjonale tenesta.

– Mange ser til Danmark som har eit svært velutvikla karriererettleiingstilbod. No får vi vere med å bygge opp ei tilsvarande teneste i Noreg. Det synest vi er kjempespennande, seier Sesilie.

Kjell Helge Kleppestø, leiar for Karriere Vestland
GODT FØREBUDDE : – Vi er godt førebudde og klare for å levere, seier Kjell Helge Kleppestø. Her er han i gang med å klargjere arbeidsplassane til dei tre nye rettleiarane.

Nasjonal satsing over fleire år

Koronatid, oljeprisfall og stor arbeidsløyse. Det er eit bakteppe som gjer at etterspurnaden etter karriererettleiing har skote i vêret det siste året. Til tross for dei dramatiske endringane i arbeidsmarknaden den siste tida, har oppbygginga av karriererettleiingstilbodet vore ei nasjonal satsing som har gått over fleire år.

– Vi er godt førebudde og klare for å levere, seier Kjell Helge Kleppestø, som er leiar for Karriere Vestland.

Han legg til at både Hordaland og Sogn og Fjordane i fleire år har jobba systematisk og godt med å utvikle karriererettleiingstenesta for vaksne.

– Vi har vore modige og satsa på kvalitet og kompetanse i alle ledd. No tar vi dette vidare både i Vestland og nasjonalt, seier Kleppestø.

Sjølv om dei tre nye karriererettleiarane arbeider ut mot heile landet, er dei del av Karriere Vestland sitt kontor i Bergen. Karriere Vestland tilbyr gratis karriererettleiing til vaksne i Vestland fylke og har kontorstad på fem ulike stadar: Stord, Alver, Bergen, Sunnfjord og Stad.

Stolt av kompetansen

Bård Sandal, fylkesdirektør for innovasjon og næringsutvikling, er stolt over at Vestland no kan sette sitt preg på den nasjonale satsinga.

– Vestland fylkeskommune og Kompetanseforum Vestland har sett heilskapleg karriererettleiing i vår region høgt på dagsorden. Vi synest det er svært spennande å få bidra med vår gode kompetanse i å utvikle ei ny nasjonal karriererettleiingsteneste, seier han.