Tilskot til berekraftig verdiskaping 2023

Vi lyste ut inntil 20 millionar kroner i 2023 til utviklingsprosjekt som skal bidra til berekraftig verdiskaping i Vestland. Prioriterte tema er sirkulærøkonomi som strategi for grøn næringsutvikling, verdiskaping og nye grøne arbeidsplassar i heile fylket og kompetanse i arbeidslivet. Søknadsfristen var 10. mai. Vedtak om støtte skjer etter planen 29. august. Innretting og søknadsfrist for utlysing i 2024 er ikkje bestemt.

Vi støttar regionale utviklingsprosjekt. Det vil seie tidsavgrensa tiltak som kjem i tillegg til ordinær aktivitet og som har regional betydning.

Mål for utlysinga

Midlane skal bidra til at Vestland innan 2033 vert det leiande verdiskapingsfylket basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon. 

Prosjekta som får støtte skal bidra til styrking av grøne verdikjeder, verdiskaping og grøne arbeidsplassar i heile fylket. Prosjekta skal bidra til gjennomføring av Handlingsprogram 2022-2025 for Berekraftig verdiskaping - regional plan for innovasjon og næringsutvikling.

Målgruppe

Kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar i Vestland med definerte utviklingsprosjekt kan søkje. Føretak kan søkje dersom prosjektet er eit fellestiltak knytt til næringsutvikling.

Tema

Prosjekt må omhandla eit eller fleire av følgjande tema:

  • Sirkulærøkonomi som strategi for grøn næringsutvikling
    Vestland har stor tilgang på fornybare ressursar frå jord, skog, hav og innan energi. Målet med sirkulær omstilling er å utnytte alle ressursar best mogleg, ved å lage kretsløp der stadig resirkulering fører til behov for færre innsatsfaktorar og der tradisjonelle innsatsfaktorar kan erstattast med meir berekraftige ressursar.

    For å få til ei slik omstilling må vi jobbe på tvers av næringar og tradisjonelle verdikjeder, og legge til rette for samarbeid om bruk av ressursar. Til dømes er det viktig å halde oppe matproduksjonen i fylket og legge til rette for at denne produksjonen blir meir klima- og miljøvenleg både i sjø og på land. Her er det potensiale knytt til å legge til rette for gode koplingar mellom landbruk og havbruk.
    God kraftbalanse og sikker kraftforsyning er føresetnadar for vidare verdiskaping, og prosjekt innan energieffektivisering og auka bruk av fornybar energi vil vera viktige bidrag for å lukkast med dette.
  • Verdiskaping og nye grøne arbeidsplassar i heile fylket
    Sysselsetting og aktivitetar gjennom heile året er nøkkelfaktorar for gode bu- og arbeidsmarknadsregionar i Vestland. Vi må ha merksemd på innovasjon og system for innovasjon. Vi må ta alle ressursane i bruk og samarbeide på tvers av ulike sektorar for å sikre verdiskaping i heile fylket. Dette kan til dømes vere tiltak som koplar saman lokalmatproduksjon, kultur, opplevingar og reiseliv. 

    Det er behov for å prøve ut samarbeidsmodellar for å gjere offentlege tenester meir tilgjengeleg i heile fylket og for å skape fleksible arbeidsplassar.

  • Kompetanse i arbeidslivet – fleire arbeidstakarar med rett kompetanse
    Kompetanseutvikling er sentralt for å lukkast med sirkulærøkonomi og verdiskaping og nye grøne arbeidsplassar i heile fylket.

    Det er avgjerande å ta i bruk ressursane i heile befolkninga, inkludert å gjere dei som står utanfor arbeidsmarknaden relevante for arbeidslivet. Døme på tiltak er utvikling av utdanningstilbod som er etterspurd av arbeidslivet, mobilisering til auka bruk av slike tilbod og ulike strategiske samarbeid knytt til rekruttering av rett arbeidskraft.

Vi har krav som må vere oppfylt for at søknaden skal bli behandla.
Søkjar må skildre korleis ein oppfyller desse krava i søknaden:

  • Prosjektet er innanfor ramma for ordninga
    Prosjektet må vere retta mot målet for utlysinga og eitt eller fleire tema i utlysinga. Søkjar må vere i målgruppa definert i utlysinga.
  • Regionale utviklingsprosjekt
    Tiltaket må vere eit regionalt utviklingsprosjekt. Det vil seie tidsavgrensa tiltak som kjem i tillegg til ordinær aktivitet og som har regional betydning. Det omfattar til dømes utviklingsarbeid, klyngesamarbeid, kompetansehevingstiltak, metodeutvikling og tilrettelegging for næringsutvikling – både forprosjekt og fleirårige prosjekt.
  • Utløysande effekt
    Tilskot frå fylkeskommunen skal ha utløysande effekt. Det vil seie at utviklingsprosjektet ikkje vil bli gjennomført utan tilskotet frå fylkeskommunen, eller at det ikkje vert gjennomført i ønska omfang eller til ønska tid.

Finansiering - maksimal støttedel
Maksimal støttedel frå fylkeskommunen er inntil 50 % av totalbudsjettet til prosjektet (eks. mva). Prosjekt kan normalt ikkje få støtte frå fleire finansieringskjelder som fylkeskommunen disponerer, eller har overført til andre.
I særskilde tilfelle kan det vera aktuelt å støtte prosjekt med ein høgare sats enn 50%. Avgjerd om dette vert teke etter ei konkret vurdering i det enkelte tilfellet. 
Søkjar må dokumentere resterande finansiering og spesifisere eventuell eigeninnsats. Ved eigeninnsats som finansiering må timetal og timesatsar, og kva organisasjon som skal utføre oppgåvene spesifiserast i budsjettet. Reglar for godkjend timesats for eige arbeid følgjer reglane som til ei kvar tid gjeld i Innovasjon Norge.

Midlane kan ikkje dekke:

  • Bedriftsretta støtte
    Det vil seie at det ikkje blir gitt støtte som berre kjem til nytte for ei enkeltbedrift eller eit mindre og avgrensa tal bedrifter. I det ligg det at det ikkje blir gjeve støtte verken til å etablere, drive, gjere investeringar i, eller utvikle ei bedrift. Det blir heller ikkje gitt støtte til einskildpersonar
  • Driftskostnader, med mindre det er ein avgrensa del av eit definert utviklingsprosjekt
  • Fysiske investeringar
  • Kausjon eller anna økonomisk garanti
  • Renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt
  • Messer, arrangement eller konferansar får normalt ikkje støtte
  • Lovpålagde oppgåver
  • Støtte til prosjekt utover 5 år

Søknaden må være sendt inn gjennom søkeportalen regionalforvaltning.no, innan søknadsfristen 10. mai 2023.

For at søknaden skal reknast som fullstendig, må alle felta i skjemaet vere fylt ut. Det er gitt utfyllande informasjon om utfylling og innhald i hjelpeteksten (merka med ?), som det er viktig at søkjar gjer seg kjend med.

All informasjon som er relevant for vurdering av søknaden må vere tatt inn i søknadsskjemaet. Hovudregelen er at informasjon som ligg i vedlegg ikkje vert vektlagt. Unntak frå dette er vedlegg som er nødvendig for å dokumentere informasjon i søknadsskjemaet, t.d. tids- og milepælsplan og avtalar.  Det må då presiserast i søknadsskjemaet kva som er viktig informasjon i vedlegget.

Ved vurdering og prioritering av søknadane vert det lagt vekt på følgjande kriterium (oppdatert 23. mars):

  • Bidrag til å nå mål for utlysinga

Bidrag til å nå mål for utlysinga og gjennomføring av handlingsprogram 2022-2025 for Berekraftig verdiskaping vil bli vurdert. Vi legg vekt på effekten prosjektet vil ha på verdiskaping og sysselsetting i regionen eller fylket. Klimaomsyn og berekraft vil vere grunnleggjande premissar ved tildeling av midlar. 

  • Nyskapande og framtidsretta

Prosjekt som er nyskapande og framtidsretta vil bli prioritert. Det kan vere  nyskapande prosessar og samhandlingsformar mellom offentleg sektor,  næringsliv og akademia eller på tvers av næringar og bransjar. Det kan også vere innhenting av ny kunnskap og utvikling av nye og innovative løysingar for framtida.

  • Gjennomføringsevne

Det vil bli lagt vekt på at søkjar har gjennomføringsevne. Det vil mellom anna seie at det vert vurdert kva kompetanse søkjar har eller vil knyte til seg, organisering, metodebruk og sårbarheita i prosjektet. Det vil bli lagt vekt på at relevante partnarar er med i prosjektet. Prosjektet må vere realistisk, og risikofaktorane må vere klargjort. Samanhengen mellom mål, aktivitet, tidsplan og budsjett vil bli vektlagt. 

  • Balansert prosjektportefølje

I vurderinga kan det bli lagt vekt på å ha ei god fordeling av midlar på mindre prosjekt/forprosjekt, hovudprosjekt og prosjekt innan ulike tematiske og geografiske område. I dette ligg det at søknader kan bli prioriterte framfor andre, for å sikre at den samla støtta fordeler seg best mogleg og bidreg til å oppnå føremålet bak ordninga. 

1. Prinsipp for behandling

Søknadsbehandlinga skal følge krav til god forvaltningsskikk, offentlegheit, habilitet og etisk åtferd.

Søknadane blir vurdert etter krav og kriterium i denne utlysinga. Søknader som ikkje oppfyller krava vil kunne bli avvist.

EØS-regelverket for offentleg støtte (statsstøtteregelverket) kan også påverke om det er høve til å gje støtte, og eventuelt omfang av støtte. Det er gitt ytterlegare informasjon om statstøtte i punkt 3 nedanfor.  

Dersom det viser seg at innkommen søknad kan vera meir relevant for andre tilskotsordningar i Vestland fylkeskommune, vil søknaden kunne overførast til annan ordning.

Det vil ikkje vere dialog mellom fylkeskommunen og søkjar i perioden etter innlevering av søknad og til vedtak er fatta, med unntak for retting av openberre feil eller mindre avklaringar. Det er derfor viktig at søkjar gjev tilstrekkeleg informasjon i søknaden til at denne kan behandlast utan vidare kontakt. Dersom det er spørsmål eller uklarheiter, vert det høve til å ta opp dette i informasjonsmøta eller ved å sende inn spørsmål før søknadsfristen går ut.

2. Vedtak om tildeling

Hovudutval for næring vil gjere vedtak om tilsegn eller avslag i møte 29. august 2023, om ikkje anna vert opplyst seinare.

3. Statsstøtteregelverket

Dersom søkjar og prosjektet er omfatta av EØS-regelverket, blir eventuelle tilskot tildelt etter den såkalla gruppeunnataksforordninga (GBER) eller reglane om bagatellmessig støtte. Desse reglane kan avgrense moglegheitene til å støtte prosjekta, heilt eller delvis.

Artiklar under gruppeunnataksforordninga (GBER) som er mest aktuelle: 

  • Forstudie/forprosjekt – artikkel 25
  • Utviklingsprosjekt – artikkel 25
  • Innovasjonsklynger – artikkel 27

Nærare om regelverket for gruppeunnataksforordninga (GBER) - sjå  Kommisjonsforordning 651/2014 av 17. juni 2014 (uoffisiell norsk oversetning).

Dersom GBER ikkje kan nyttast, kan fylkeskommunen vurdere å tildele støtta som bagatellmessig støtte. Eit føretak kan ta i mot inntil 200 000 euro over ein periode på tre år som bagatellmessig støtte. Forordninga er tilgjengeleg her: https://ec.europa.eu/competition/state_aid/legislation/de_minimis_regulation_en.pdf

4. Dokumentinnsyn

Alle kan be om innsyn i dokumenter hjå Vestland fylkeskommune. Hovudregelen i offentleglova er at saksdokument, journalar og liknande register er opne for innsyn dersom ikkje anna følgjer av lov eller forskrift med heimel i lov.

Dette er også utgangspunktet for søknadane som vert sendt inn. Opplysningar som er underlagde teieplikt i lov eller i medhald av lov, er derimot unnatekne frå innsyn. Til dømes gjeld dette næringsopplysningar, som av konkurransemessige omsyn skal holdast hemmeleg (såkalla forretningshemmelegheiter).

Dersom det vert kravd innsyn i dokument som inneheld opplysingar som det skal eller kan nektast innsyn i, så tek vi normalt kontakt med søkjar for nærmare avklaring. Det vert likevel understreka at det er fylkeskommunen som tek endeleg avgjerd i spørsmålet om innsyn. 

Hovudutval for næring vedtok 29. august støtte til 22. prosjekt. I møte 21. september gjorde utvalet vedtak om tilleggsbevilging, slik at det vart rom for fire nye prosjekt. Her er dei 26 prosjekta:

Søkjar Prosjekt Søkt om Støtte inntil kr
Atheno «Med grøn kompetanse som konkurransefortrinn» 1 055 000 640 520
Proptech Innovation Donorbyggregister - Proptech Innovation 450 000 450 000
Medvind24 Næringshage Nettverk og utvikling i samarbeid for berekraftig verdiskaping i Etne kommune. 1 100 000 750 000
Høyanger Næringsutvikling as Vidareutvikling av Grøn Hub Høyanger 2 000 000 2 000 000
Høgskulen på Vestlandet Nettverksbygging og sikring av regional omstillingskompetanse 1 352 500 900 000
Trient AS Mulighetsstudie for etablering av biogassanlegg på Skaganeset 700 000 700 000
The Seafood Innovation Cluster AS Industriell symbiose fra landbasert oppdrett 590 000 590 000
Bergen Vitensenter AS Regionalt samarbeid om rekruttering til realfag, ingeniør- og teknologiutdanningene i Havbyen Bergen 1 365 000 1 365 000
GCE Ocean Technology Havvind i vest - hvordan skal leverandørindustrien i Vestland rigge seg for havvindmarkedet? 560 000 560 000
Årdal Utvikling Grøn hub Årdal Teknologipark 6 225 000 1 500 000
Vestlandsforsking Forum for berekraftig sirkulær økonomi i Vestland 975 000 700 000
Proptech Innovation Ombruk av betongkonstruksjonar 649 500 649 500
Aksello AS Studiesenter Kysten 500 000 500 000
Media City Bergen as Et attraktivt jobbmarked for medieteknologer i Vestland 260 000 260 000
Corvus Energy Batterier til havs: Fra lineært til sirkulært 800 000 800 000
Sustainable Energy A/S Energy House II - Støtte til forprosjekt 2 500 000 1 500 000
Norway Fortescue Future Industries Circular economy in Svelgen from green ammonia production [CircuS] 3 507 500 670 000
The Seafood Innovation Cluster AS Kompetanseprogram for standardisering av miljødata i havbruksnæringen 300 000 300 000
Næringsalliansen Strukturert satsning for havvind i Vestland 1 500 000 1 000 000
Osterøy Utvikling AS Utvikling av robotteknologisatsingen med utgangspunkt i Osterøy 1 500 000 1 500 000
Høgskulen på Vestlandet Fleire reiselivsmedarbeidarar med rett kompetanse 901 550 901 550
Ocean Hyway Cluster (Hub for Ocean) Ringvirkninger av retrofitprosjekt i Vestland 1 358 250 1 358 250
Ressursbanken: Portal for arbeidsinkludering Social Impact Lab 200 000 200 000
Grunnkurs i sirkulærøkonomi Bergen Vitensenter AS 139 250 139 250
Sikkerheit ved bruk av ammoniakk som maritimt drivstoff Maritime CleanTech 990 000 990 000
Utnyttelse av bi-produkter fra hydrogenproduksjon til fiskeoppdrett HTwo-Fuel AS 770 000 770 000

 
Det vil bli sendt ut tilsegnsbrev fortløpande, eventuelt invitasjon til møte der det er behov for dialog før tilsegnsbrev vert utforma.