Søk tilskot til breibandutbygging

Vestland fylkeskommune lyser ut 40 millionar kroner til utbygging av breiband i fylket. Kommunane kan søkje om tilskot til område der det ikkje er kommersielt lønsamt å bygge ut.

miniatyrfigurer modem og kabler
Foto: Shutterstock

Prosjekt som kan få støtte under ordninga er:

Utbygging i område som manglar tilbod om breiband med 100 Mbit/s eller høgare.

Ved prioritering mellom søknadar legg vi vekt på:

  • dekning i dag, og betring av tilbod
  • finansiering frå kommune og andre finansielle bidrag i prosjektet
  • effekt på verdiskaping, lokalsamfunnsutvikling og attraktivitet 

Kritieria er lagt inn under Vilkår for tildeling.  Det er viktig at søknadane svarer på desse punkta for å få uttelling i vurderinga. 

Nkom har utarbeida adresselister for bygg som er støtteberettiga i Vestland fylke. Desse er ikkje offentlege og vil bli sendt direkte til kommunane. Det er ein føresetnad for å søkje at det vert teke utgangspunkt i desse adresselistene. 

Det er ikkje krav om kommunal eller privat medfinansiering i 2024, men dette vil telle positivt i tildelinga. 

Ramma for 2024 er om lag 40 millionar kroner sett av i år, samt restmidlar frå tidlegare år.

Kommunar i Vestland kan søkje. Fleire kommunar kan gå saman om ein søknad dersom det er naturleg med utbyggingsområde som dekker fleire kommunar.

Søknad skal fyllast ut med informasjon om prosjektet, beskriving av område og dekningsstatus, tal hustandar og bedrifter i området som manglar tilbod om breiband med 100 Mbit/s eller høgare kapasitet, korleis prosjektet skal finansierast, og anna relevant informasjon. Det er eit føremon om de beskriv korleis de er kome fram til kostnadsgrunnlaget. 

Områda som er planlagt utbygd må merkjast av i kartløysinga Fylkesatlas. Denne kartløysinga inneheld også Nkom sine offisielle dekningstal. Sjå eiga brukarrettleiing for dette

Det skal leggast ved adresselister for dei omsøkte områda i excel med tydeleg spesifisert hustandar, bedrifter og fritidsbustader. I adresselistene skal det også skillast på om bygga har under 30 Mbit/s eller under 100 Mbit/s i dag. Då matrikkel ikkje er godt nok oppdatert i alle kommunar, så bør adresselistene vere gjennomgått og kvalitetssikra mot til dømes renovasjonslister. Bruk vedlagt mal. 

Det er obligatorisk for å få handsama søknaden at område er avmerka i kart, og at adresselister følgjer søknaden.

Søknaden skal sendast inn gjennom www.regionalforvaltning.no 

Ved prioritering mellom søknadar legg vi mellom anna lagt vekt på:

  • dekning i dag, og betring av tilbod
  • prosentdel av finansieringa  frå kommunen, og andre finansielle bidrag i prosjektet
  • effekt på verdiskaping, lokalsamfunnsutvikling og attraktivitet

Detaljerte evalueringskriterier finn de her.

Største delen av midlane kjem frå ei rammeløyving frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Departementet har mellom anna lagt til grunn fylgjande vilkår:

  • Nkom har utarbeida adresselister over bygg som er støtteberettiga. Berre bygg som står i desse listene kan få tilskot.
  •  Det kan bli gitt støtte til hushaldningar og verksemder som i dag har under 100 Mbit/s. Krav til ny kapasitet er slik:
       a.) Hushaldningar og verksemder som manglar tilbod om 30 Mbit/s i dag skal få eit nytt tilbod som på ein påliteleg måte tilbyr  minimum 100 Mbit/s nedlastingshastigheit.
       b.) Hushaldningar og verksemder som manglar tilbod om 100 Mbit/s skal få eit nytt tilbod som på ein påliteleg måte tilbyr  minimum 300 Mbit/S nedlastingshastigheit
  • Det kan i samråd med kommunen som får støtte bli stilt enno strengare krav enn i punktet over i ein offentleg konkurranse
  • Prosjekta som får støtte skal vera teknologinøytrale. Det vil seia at det ikkje kan stillast krav om t.d. fiberbreiband.
  • For eventuelle tilbod/løysningar basert på trådlaust nett («FWA») eller mobilnett skal det i tilbodet dokumenterast at løysninga, basert på lokale dekningsanalyser, vil gje stabilt høg kapasitet også ved høg belastning i nettet.
  • Prosjekt som mottar tilskot skal etablere eit reelt breibandstilbod til alle hushald og verksemder innanfor det geografiske området det er søkt om støtte til, dvs. 100 prosent dekning innanfor det aktuelle området.
  • Støttemidlar skal ikkje brukast til å etablere tilbod til fritidsbustader. Dette er ikkje til hinder for at infrastruktur for hushald eller bedrifter, også kan nyttast for å koble til fritidsbustader. Særkostnadene for å etablere tilknytingar til fritidsbustader skal i så fall skillast ut frå rekneskapen for det offentleg støtta prosjektet.
  • Tilskot skal vera i tråd med gruppeunntaket for breibandstøtte (GBER).
  • Prosjekt som får tilskot skal lysast ut samla. Dette blir koordinert av fylkeskommunen. 
  • Prosjekt som mottar tilskot skal være gjennomført innan 1. juli 2026. 
  • Kommunar som får tilskot må legge inn data i Ekomportalen, jamfør Breibandutbyggingslova.

    Les meir om ordninga her.

Kommunane blir også bedt om å spesifisere anna finansiering, som til dømes private midlar/bidrag frå andre, eller dugnad. Dersom det blir planlagt ein sum frå private utover etableringskostnad betalt til leverandør skal det spesifiserast. Merk at kommunane garanterer for denne summen. 

Ved lokal dugnadsinnsats skal det nyttast ein timesats på kr 400,-. Graving av grøfter til framføring generelt og på eigen tomt spesielt, blir fastsett etter ein sats på hhv. kr 400,- og kr 200,- pr meter. Dette skal spesifiserast i søknadsskjema.