Tilskot Rom for møte - teknologi, spel, og integrering (2020 og 2021)

Fylkeskommunen lyser ut midlar til integreringsprosjekt. Tilskotsordninga skal styrke biblioteka som møteplass og arena for læring, inkludering og integrering ved å legge til rette for bruk av teknologi og spel. Målet er at barn og unge kan møtast rundt felles interesser for teknologi og spel.

Fylkeskommunen har saman med Bergen Off. Bibliotek og Vestland Innvandrerråd blitt tildelt 1 700 000 kr frå Gjensidigestiftelsen til integreringsprosjektet Rom for møter – teknologi, spill og integrering 2020-2021. Prosjektet har som føremål å bidra til mangfald og betre integrering mellom nordmenn og innvandrarar, ved å ta i bruk felles arenaer og aktivitetar i samarbeid med frivillige i folkebiblioteka.

Det er kr 250 000 tilgjengeleg til prosjekt i kommunane utanom Bergen i 2021. Det kan søkast om midlar til å utvikle spelerom og aktivitetar knytt til spel i biblioteka. 

Ordninga gjeld folkebibliotek i Vestland fylke. 

Biblioteksjef søkjer på vegner av kommune eller samarbeidspartnarar. Ved interkommunalt samarbeid, må ein kommune vere ansvarleg søkjar. Søkjarar som tidlegare har fått støtte, kan også søke for 2021. 

Budsjett: kr 250 000. Maksimal søknadssum per prosjekt: kr 50 000.

Bibliotek kan søkje om midlar til organisering og administrering av aktivitetane (t.d. opp til 25 % i frikjøp tilknytt større prosjekt).

Folkebiblioteka kan søkje om midlar for å skape gjensidige møteplassar i lokalsamfunna for flyktningar, andre innvandrarar og lokalbefolkninga i samsvar med tildelinga frå Gjensidigestiftelsen. Det vil seie at ein kan midlar til: 

  • makerspace og digitale verkstader
  • spelerom for bibliotek
  • sosial aktivitet knytt til speling
  • kodeklubb
  • spel, enkle møblar, spekonsollar, skjermar

Det blir ikkje gitt støtte til utbygging av lokale.

3. mai 2021

At det er ein plan og eit budsjett for gjennomføring av tiltaket. 

Det blir gjort ei heilskapsvurdering av søknadane. Søknadane vert vurderte og prioriterte ut frå følgjande kriterium: 

  • Tiltak som har eit tydeleg føremål, med plan og budsjett.
  • Samarbeid med andre.
  • Geografisk spreiing i fylket.

Søknaden skal innehalde tilstrekkeleg informasjon/dokumentasjon om prosjektet eller tiltaket for å verte tilrådd støtte. 

Søknad skal fremjast på elektronisk søknadsskjema.

Forvaltningslova skal leggjast til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune og alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege.       

Avdeling for Kultur, idrett og inkludering førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i Hovudutval for kultur, idrett og integrering. Innstilling vert grunngitt i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå fylkesdirektøren si innstilling skal også grunngjevast. Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan tre månader etter søknadsfrist. 

Vilkår og retningslinjer for gjennomføring av tiltak går fram av tildelingsbrevet. Tilskotet må brukast i samsvar med planlagde aktivitetar på den måten og i det tidsrom som går fram av søknaden. Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til sakshandsamar for vurdering og godkjenning. Tilsegnsmottakar skal rapportere og sende inn rekneskap innan tre månader etter at tiltaket er gjennomført.

Tilsegn om tilskot gjeld inntil eitt år frå svar om vedtaket er sendt til søkjaren.   

  • Tilsegna fell bort dersom søkjer ikkje har bedt om utbetaling av
  • Tiltaket skal som hovudregel setjast i gang innan eit år etter at svar er sendt ut. Midlane kan verte inndregne dersom tiltaket ikkje er sett i gang innan utgangen av året etter tilsegn om

Vesentlege avvik frå prosjektsøknaden kan føre til at tilsegn vert gjort om heilt eller delvis. 

Tilskotsmottakar kan bli bedt om å dele erfaringar frå prosjektet med andre bibliotektilsette i fylket på bibliotekdagar, møte og liknande. 

Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll med at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for kontroll.