Tilskot til prosjekt og kompetanseheving i biblioteka (2021)

Fylkeskommunen lyser ut midlar til prosjekt og kompetanseheving i biblioteka. Tilskotsordninga skal styrke biblioteket som møteplass og arena for formidling, inkludering, læring og debatt. Ordninga kan gi tilskot til tradisjonelle bibliotektenester og gi høve til å prøve ut nyskapande prosjekt og tiltak. Det kan og søkjast om støtte til kompetanseheving gjennom ordninga.

Å delta i prosjekt er ein viktig måte å skape endring, utvikling og kompetanseheving i biblioteka. Ei undersøking til bibliotekleiarane i fylket frå 2020, viser at 85 % av biblioteka har delteke i prosjekt dei siste 3 åra. Dei aller fleste opplever prosjektdeltaking som nyttig, berre13 % meiner det berre har noko nytte. 92% ønskjer hjelp frå fylkeskommunen til finansiering av prosjekt, men mange ønskjer også hjelp til idéutvikling, å finne samarbeidspartar, søknadsskriving og rådgjeving under- vegs i prosjektet. Undersøkinga viser at dei største hindringane for å delta i kompetanseheving er økonomi og travel arbeidskvardag. 

Fylkeskommunen ønskjer å gi folkebiblioteka økonomisk støtte til å eksperimentere og prøve ut nye idear gjennom kreative utviklingsprosjekt og til å delta i kompetansehevande tiltak. Fylkeskommunen kan bidra med hjelp til å utvikle prosjekta og arrangere møte og kurs om bibliotekspørsmål. 

Ordninga gjeld folkebibliotek i Vestland fylke.

Biblioteksjef søkjer på vegner av kommune eller samarbeidspartnarar. Ved interkommunalt samarbeid, må éin kommune vere ansvarleg søkjar.

Tiltak vert støtta med inntil kr. 30 000. Det er ikkje krav om kommunal eigenandel.

Det blir gjeve støtte til mindre utviklingsprosjekt og tiltak, for å prøve ut nye tenester og tilbod. Ein kan t.d. søkje om støtte til:

  • aktiv formidling, både fysisk og digitalt
  • nye aktivitetar i biblioteket
  • utstyr 
  • tiltak for å fremje brukarmedverknad
  • tiltak for å fremje lesing
  • læring og kompetanseheving
  • personalkostnader til gjennomføring av prosjekt 
  • interkommunale prosjekt
  • prosjekt i samarbeid med skular, lag og organisasjonar
  • prosjekt i samarbeid med andre institusjonar og sektorar
  • prosjekt som har vore vellukka andre stader, men som er nytt i eige bibliotek
  • andre utviklingsprosjekt   

1. mai og 1. oktober

At det er ein plan og eit budsjett for gjennomføring av tiltaket.

Prosjekt som innfrir vilkåra for tildeling, men som ikkje vert prioriterte ved ei tildeling, kan søkje på nytt ved ny utlysing.

Det blir gjort ei heilskapsvurdering av søknadane. Søknadane vert vurderte og prioriterte ut frå følgjande kriterium:

  • tiltak som har eit tydeleg føremål, med plan og budsjett
  • tiltak som viser nyskaping og utvikling i biblioteket
  • samarbeid med andre
  • geografisk spreiing i fylket

Søknaden skal innehalde tilstrekkeleg informasjon/dokumentasjon om prosjektet eller tiltaket for å verte tilrådd støtte.

Søknad skal fremjast på elektronisk søknadsskjema.

Forvaltningslova skal leggjast til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune og alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege.     

Avdeling for Kultur, idrett og inkludering førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i Hovudutval for kultur, idrett og integrering. Innstilling vert grunngitt i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå fylkesdirektøren si innstilling skal også grunngjevast. Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan tre månader etter søknadsfrist.

Vilkår og retningslinjer for gjennomføring av tiltak går fram av tildelingsbrev. Tilskotet må brukast i samsvar med planlagde aktivitetar på den måten og i det tidsrom som går fram av søknaden. Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til sakshandsamar for vurdering og godkjenning.   

Tilsegn om tilskot gjeld i inntil eitt år frå svar om vedtaket er sendt til søkjaren. Tilsegna fell bort, og midlane vert inndregne dersom

  • tiltaket skal som hovudregel setjast i gang innan eit år etter svar er sendt ut
  • søkjaren ikkje har bede om utbetaling av tilskotet

Vesentlege avvik frå prosjektsøknaden kan føre til tilsegn vert gjort om heilt eller delvis.      

Tilsegnsmottakar skal rapportere og sende inn rekneskap innan tre månader etter at tiltaket er gjennomført. 

Tilskotsmottakar kan bli bedt om å dele erfaringar frå prosjektet med andre bibliotektilsette i fylket på bibliotekdagar, møte og liknande.

Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll med at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for kontroll.