Tilskot til utvikling av folkebiblioteklokale (2021)

Fylkeskommunen lyser ut midlar til utvikling av folkebiblioteklokale. Tilskotsordninga skal stimulere folkebiblioteka i Vestland til å fornye biblioteklokale for å drive aktiv formidling, vere uavhengige møteplassar og arenaer for offentleg samtale og debatt.

Til grunn for ordninga ligg behovet for å utvikle folkebiblioteka som relevante kulturarenaer, læringsarenaer og møteplassar, jf. §1 i folkebiblioteklova. Biblioteklokalet skal vere ein open, inkluderande og tilgjengeleg stad for rekreasjon, debatt, opplysning og kunnskap. For å oppfylle samfunnsoppdraget har mange bibliotek behov for nye eller renoverte lokale som sikrar eit velfungerande samspel mellom rom og funksjon. Det kan resultere i fleire aktivitetar tilpassa innbyggjarane sine behov lokalt, utprøving av meiropne bibliotek, nye formidlingsmetodar og samarbeidsformer.

Fylkeskommunen vil i tillegg til løyving gjennom ordninga, bidra med kompetanse og gi hjelp med gjennomføring av prosjekt, bl.a. hjelp med val av interiørarkitekt, deltaking i prosjektgruppe, aktualisering av samlingar og liknande.

Tilskotsordninga byggjer på det tidlegare modellbibliotekprogrammet i Hordaland som sidan 2014 har gitt støtte til 21 kommunar. 16 av kommunane har til no fått nye eller ombygde hovudbibliotek eller filialar. 11 av desse biblioteka er meiropne, dvs. at brukarane har tilgang til biblioteket utanom betent opningstid.

Det blir lagt vekt på at ordninga skal få ein utjamnande effekt gjennom geografisk spreiing.

Ordninga gjeld kommunar i Vestland fylke til tiltak i folkebibliotek eller kombinasjonsbibliotek. Biblioteksjef søkjer på vegner av kommunen.

Maksimal søknadssum er kr 150 000. Kommunen må garantere for eigendel minimum tilsvarande søknadssum.

Modernisering av heile eller deler av biblioteklokalet, t.d. ombygging, oppussing, nytt interiør og utstyr til meirope og anna. 

Det kan også søkjast om bistand frå interiørarkitekt. Avgjersle om interiørarkitekt vert fatta i samråd med fylkeskommunen.

22. mars 2021

Garanti om kommunal eigenandel minimum tilsvarande søknadssum. At det er ein plan og eit budsjett for gjennomføring av tiltaket.

Prosjekt som innfrir vilkåra for tildeling, men som ikkje vert prioriterte ved ei tildeling, kan søkje på nytt ved ny utlysing.

Ei heilskapsvurdering av tiltakets kvalitetar, gjennomføringspotensiale og budsjettering ligg til grunn for eventuelt tilskot eller avslag. Søknadane vert vurderte og prioriterte ut frå følgjande kriterium:

  • tiltaket har eit tydeleg føremål, og er planlagt ut frå definerte lokale behov
  • tiltaket fører til eit utvida tilbod og betre tenester for publikum
  • midlar til utstyr til meirope bibliotek skal ikkje brukast til å redusere betjent opningstid 
  • tiltaket legg vekt på kunnskapsbasert samlingsutvikling
  • tiltaket oppfyller krav om universell utforming
  • om det er skissert kva hjelp ein treng frå fylkeskommunen
  • om bibliotekavdelinga har fått tildeling tidlegare
  • geografisk spreiing i fylket

Søknaden skal innehalde tilstrekkeleg informasjon/dokumentasjon om prosjektet eller tiltaket for å verte tilrådd støtte. 

Søknaden skal fremjast på elektronisk søknadsskjema.

Forvaltningslova skal leggjast til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune og alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege.   

Avdeling for Kultur, idrett og inkludering førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i Hovudutval for kultur, idrett og integrering. Innstilling vert grunngitt i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå fylkesdirektøren si innstilling skal også grunngjevast. Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan tre månader etter søknadsfrist. 

Vilkår og retningslinjer for gjennomføring av tiltak går fram av tildelingsbrev. Tilskotet må brukast i samsvar med planlagde aktivitetar på den måten og i det tidsrom som går fram av søknaden. Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til fylkeskommunen for vurdering og godkjenning. 

Tilsegn om tilskot gjeld i inntil to år frå svar om vedtaket er sendt til søkjaren. Tilsegna fell bort, og midlane vert inndregne dersom

  • tiltaket ikkje er sett i gang innan utgangen av året etter tilsegn om tilskot
  • søkjaren ikkje har bede om utbetaling av tilskotet i samsvar med dokumentert framdrift og likviditetsbehov innan to år etter svar er sendt ut

Vesentlege avvik frå prosjektsøknaden kan føre til tilsegn vert gjort om heilt eller delvis.    

Tilsegnsmottakar skal rapportere og sende inn rekneskap innan tre månader etter at tiltaket er gjennomført. Krav til rapportering blir sendt ut saman med eventuelt vedtak om støtte.

Tilskotsmottakar kan bli bedt om å dele erfaringar frå prosjektet med andre bibliotektilsette i fylket på bibliotekdagar, møte og liknande.

Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll med at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for kontroll.