Søk midlar til praksisopphald og kompetanseutvikling i bibliotek gjennom Erasmus+
Vi nyttar EU-programmet Erasmus+ (2021-2027) Mobilitet i vaksenopplæringa til å gi bibliotektilsette i Vestland høve til å lære meir, gjennom reiser i Europa.
Folkebiblioteka kan kvart år søkje om å bli partnar i fylkeskommunen sitt konsortium for å delta i internasjonale mobilitetsprosjekt. Alle tilsette i biblioteka som er knytt til konsortiet kan delta i aktivitetane.
Midlane i Erasmus-programmet bidreg med støtte til reise, kost og losji, samt ev. kursavgifter i samband med mobilitetsaktivitetane.
Kven kan søkje?
Folkebiblioteka i Vestland.
Kva kan du få støtte til?
De kan få støtte til reise og opphald, og kursavgift i samband med aktivitetar som:
- Jobbskugging (hospitering)
- Kurs eller konferansar
- Invitere ekspertar til Noreg
Land de kan reise til
Dei 27 EU-landa samt Island, Liechtenstein, Nord-Makedonia, Serbia og Tyrkia. Det er ikkje naudsynt å vite nøyaktig kor de vil reise på søknadstidspunktet. NB! Storbritannia deltar ikkje i Erasmus+.
Slik søkjer du
Fylkeskommunen sender inn ein fellessøknad som de kan delta i. For å bli med på fellessøknaden sender de inn ein forenkla søknad til oss ved å bruke søknadsskjemaet. Hugs å legge ved signaturskjema (pdf).
I den årlege søknaden må konsortiepartnarane knytte seg til målsettingane i koordinator sin Erasmus-plan, ha eit eige organisasjons-ID (OID) og underteikne eit mandat. Sjå video korleis opprette OID)
Søknadsfrist: 15. februar 2022
Kontaktperson: Terje Haugsgjerd
Kort om Erasmus+ 2021-2027
Erasmus+ er verdas største utdannings- og opplæringsprogram, og gjer det mogleg å søke om midlar til å gjennomføre ulike aktivitetar som bidreg til kvalitet og utvikling i opplæringssektoren gjennom europeisk samarbeid.
Erasmus+ støttar mobilitet (utveksling) og samarbeidsprosjekt i heile utdanningsløpet; barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring, høgare yrkesfagleg utdanning, høgare utdanning og vaksenopplæring.
Sentrale satsingsområde er kvalitet i undervisning og opplæring, inkludering, digitalisering, innovasjon og kopling mellom utdanning og arbeidsliv.
Du kan lese meir om Erasmus+, og dei ulike aktivitetane ein kan søke midlar til på diku.no.
EU-satsar for prosjekta
Det blir gitt tilsegn etter faste EU-satsar, som blir rekna ut etter kva det er søkt om.
- Korte reiser/hospitering: Land. Finansiering per person, per dag ved reiser til:
- Gruppe 1: Denmark, Luxembourg, United Kingdom, Iceland, Sweden, Ireland, Finland, Liechtenstein - 180 Euro
- Gruppe 2: Netherlands, Austria, Belgium, France, Germany, Italy, Spain, Cyprus, Greece, Malta, Portugal -160 Euro
- Gruppe 3: Slovenia, Estonia, Latvia, Croatia, Slovakia, Czech Republic, Lithuania, Turkey, Hungary, Poland, Romania, Bulgaria, Rep. of North Macedonia, Serbia – 140 Euro
- Kurs-/konferanseavgift. Det blir gitt 80 Euro per deltakar per dag
- Ekspert til Noreg. Ein ekspert frå Europa kan kome til Vestland/din kommune og halde kurs/seminar/ha innlegg på konferansar. Finansiering etter «Gruppe 1».
- Reiseutgifter. Per person frå Noreg
- T.o.m. Nord-Italia 275 Euro tur/retur.
- Til Sør-Europa 360 Euro tur/retur