Tilskot til transport til helsehjelp for papirlause migrantar

Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at frivillige og/eller ideelle organisasjonar kan organisere og distribuere gratis kollektivtransport til reiser knytt til humanitær bistand, til dømes helsehjelp, for papirlause migrantar i heile Vestland fylke.

Tilskotsordninga skal bidra til å bygge opp under fylkeskommunen sine mål og leggje til rette for å betre forholda for dei ureturnerbare, papirlause flyktningane som oppheld seg i fylket. 

Fristen for å søkje tilskot er 27.10.23. Vedtaket med fordeling blir gjort i fylkesutvalet 28.11.23.  

Kven kan søkje? 

  • frivillige organisasjonar med demokratisk oppbygging 
  • ideelle organisasjonar 
  • institusjonar som arbeider innan inkludering og mangfald på regionalt nivå, og som har heile eller store deler av Vestland fylke som arbeidsområde 

Enkeltpersonar eller politiske organisasjonar kan ikkje søkje om tilskot frå ordninga. 

Kva gir vi støtte til? 

Søkjarar kan få støtte til å organisere og distribuere gratis kollektivtransport av papirlause migrantar til humanitær bistand, t.d. helsehjelp og tannbehandling. 

Kor mykje kan det søkjast om? 

Det er ikkje avgrensingar på søknadssum. 

Søknadsfrist

27. oktober 2023

  • Søknaden må sendast på e-post til post@vlfk.no og vere merka med saksnummer 2023/59288 i emnefeltet.  
  • Søkjar må oppgi kontaktinformasjon som namn, adresse, telefonnummer og organisasjonsnummer. 
  • Søknaden må innehalde ei skildring av kva det vert søkt støtte til.
    • Eventuelle samarbeidspartar må synleggjerast.
    • Naudsynte vedlegg slik som arbeidsplan og budsjett må følgje søknaden, eller kan ettersendast dersom dei ikkje er klare på søknadstidspunktet (t.d. årsmelding og rekneskap). 

Vi legg vekt på  

  • at søkjar bør vere fylkesdekkande, eller i det minste dekke store delar av fylket (regionalt nedslagsfelt)  
  • korleis søkjaren bidreg til å nå måla for ordninga 

Fylkeskommunen legg berekraftsmåla til FN til grunn i planarbeidet. Berekraftsmåla skal bidra til balanse mellom økonomisk utvikling, sosial utvikling og toleevna til naturmiljøet. Tilskotsordninga skal vere med og hjelpe fram frivillig sektor sin innsats til ei berekraftig regional utvikling. 

For å få tilskot må desse vilkåra vere oppfylte:

  • Frivillige organisasjonar som mottek tilskot frå fylkeskommunen skal ha heilårleg aktivitet, og eit langsiktig perspektiv for sitt arbeid. 
  • Sist godkjende årsmelding og rekneskap og vedteke arbeidsplan/budsjett for kommande år må følgje søknaden. 

Fylkeskommunen kan setje vilkår for bruken av tildelte midlar, og kan krevje tilbakebetalt tilskot som vert nytta i strid med gjevne vilkår.  

Dei som får tilskot må rapportere på bruken av det fylkeskommunale tilskotet gjennom godkjent årsmelding/rekneskap.

Det kan setjast nærare frist for rapportering. Det må i alle høve vere rapportert før nye løyvingar vert gitt. 

Det gjeld klagerett på vedtak i hovudutvalet etter reglane i lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova), kap. VI §§ 28–36. 

Ev. klage skal sendast til Vestland fylkeskommune innan tre veker etter at søkjar har fått melding om vedtak.