Om dagsturhytteprosjektet i tidlegare Sogn og Fjordane

Vi har 25 dagsturhytter, eit lågterskeltilbod for turgåarar. Alle kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane har fått kvar si dagsturhytte. Den første hytta kom på plass i desember 2017, og den siste vart flydd på plass i september 2019.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve, og blei starta i 2016.

Utgangspunktet for ideen var visjonen som låg i regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv: «Fysisk aktivitet for alle».

Hytta er teikna av Rojo arkitekter i Trondheim og bygd av Reknes Byggjevarer. Reksnes Byggjevarer bygga hyttene på lageret sitt i Masfjorden, før dei vart frakta til stadane der dei skulle plasserast. Den første hytta kom på plass i desember 2017 og den siste vart flydd på plass i september 2019.

Sjå oversikt over alle hyttene

I november 2019 kom praktbrosjyren om alle dagsturhyttene i Sogn og Fjordane ut. Denne kan du få tak i på ulike møtestadar i kommunen, som til dømes legekontor, rådhus, bankkontor og treningssenter.