Fv.583 vedlikehaldsarbeid på Byvegen

Varselet gjeld: 6.11-23.12

Frå 6. november kl. 22:00 til 23. desember kl. 18:00 blir fv.583 Byvegen på Os stengt grunna vedlikehald.

Vegen vil vere stengt gjennom heile arbeidsperioden, utan moglegheiter for gjennomkøyring. Det blir skilta omkøyringsvei via fv.552 til E39. Det vil og bli skilta omlagde rutar for mjuke trafikantar og syklande i området. 

Årsaka til stenginga er kollaps av stikkrenne under vegen. Det er påvist kvikkleire i området, og det må difor setjast ned spunt for å vareta sikkerheiten før overvannsrøyra kan skiftast ut.

Stenginga påverkar også busslinje 600, 601, 602, 603, 607, 610, 740 og 741. Sjå meir info på skyss.no/avvik

3D modell av kulvert
Bildet viser ein 3D-modell av ein laserscanning av kulverten under Byvegen slik den er i dag. Her kan ein sjå korleis rørene er i ferd med å kollapse. Illustrasjon: VLFK
Kartutsnitt over anleggsområdet og ruter for gåande
Karutsnittet viser arbeidsområdet markert i raudt, og ruter for gåande og syklande i lilla. Foto: Kartutsnitt fra Google Maps