Fv 5442 Stordalsvegen: Stengd veg ved Langvasselva bru

Varselet gjeld: 25.09.23 - 20.10.23

Grunna brubytte blir vegen heilt stengd frå 25. september til 6. oktober.

Fv Storedalsvegen blir heilt stengd ved Langvasselva bru frå 25. september  kl. 00.00  til 6. oktober  kl. 14.00.

Merk at naudetatar ikkje kan køyre gjennom i stengeperioden. 

Omkøyring frå Matre – Oppedal – Bjordal – Langvasselva.

Vegarbeid før og etter stengjeprioden

Frå 18. september til 24. september og frå 7. oktober til 20. okotober, blir det mogleg å køyre gjennom, men vegen kan bli stengt i inntil 15 minutter. 

Difor er vegen stengd

Arbeidet omfattar riving av eksisterande bru og oppsetting av ny bru.