Tilskotordninga Program for folkehelsearbeid i Vestland

I Program for folkehelsearbeid har kommunar hatt høve om å søkje midlar til tiltaksutvikling for å fremje livskvalitet og psykisk helse i kommunen. Barn og unge (0–24 år) er primærmålgruppe for tiltaksutviklinga, som skal skje i kommunane. Vestland gjennomførte siste opptak vår 2022.

Bakgrunn

I 2018 fekk tidlegare Hordaland fylkeskommune 32 millionar over seks år til prosjektet "Saman for betre trivsel og livskvalitet for alle barn og unge". Sogn og Fjordane fekk våren 2019 24 millionar over seks år til prosjektet "Systematisk samarbeid om livsmeistring". Midlane vert tildeltkommunane som tiltakseigar. Midlane skal nyttast til tiltaksutvikling i tråd med nasjonale og fylkeskommunale føringar, og til utviklingsstøtte til FoU-miljø som samarbeider med kommunane.

Les her om kva kommunar som har blitt tildelt midlar og om deira tiltak.

Om tilskotsordninga

Målet med program for folkehelsearbeid er å styrke kommunane sitt arbeid med å fremje befolkninga si helse og livskvalitet, og bidra til:

  • Utvikling av kunnskapsbaserte lokale tiltak, arbeidsmåtar og verkty for å fremje livskvalitet og psykisk helse hjå barn og unge og bidra til rusførebyggjande arbeid i kommunane.
  • Å integrere barn og unge si psykiske helse som ein likeverdig del av det lokale folkehelsearbeidet.
  • Fremje samarbeid: mellom kommunar, FoU-miljø, frivilligheit og ulike samarbeidsaktørar i kommunane

For meir opplysningar sjå programtekst for program for folkehelsearbeid:
Programtekst for program for folkehelsearbeid i kommunane 2017-2027