Arrangement og sykkelritt
For å ha eit arrangement på fylkesveg må ein få fleire løyve
- Frå fylkeskommunen som vegeigar:
Fylkeskommunen kan gi løyve til reklame eller uttale til arrangementet. - Frå Politiet for området det gjeld.
- Statens vegvesen gjer vedtak om skilt og trafikkreguleringar.
Søk fylkeskommunen om arrangement på fylkesveg
Om arrangementet skjer på andre vegar, som riksveg eller kommunal veg, må det sendast søknad om løyve til alle involverte vegeigarar.
Søknaden skal innehalde
- kva type arrangement det er.
- korleis fylkesvegen skal nyttast i arrangementet og fylkesvegnummeret.
- tid og stad
- informasjon om reklame knytt til arrangementet
Sykkelritt
For å arrangere sykkelritt må ein
- søke om løyve hjå Statens vegvesen.
- OG sende kopi til aktuelle politidistrikt.
- Søknadsfrist: seinast fire månader før konkurransen.
- For eventuell nedsett fartsgrense eller stenging av veg, må dette også søkast om til Statens vegvesenet.
Søknadsskjema til sykkelritt hjå Statens vegvesen
Kva er definisjonen av eit sykkelritt?
Eit sykkelritt er alle arrangement for syklande på ein veg som er heilt eller delvis open for allmenn ferdsel, der
- deltakarane følger ein fastlagt rute.
- deltakarane blir skilde innbyrdes ved hjelp av tidtaking og/eller annan form for rangering, eller der det er fastsett maksimaltid.